Ny Metal Gear-samling til PS3

For den som aldri får nok av Solid Snake.

Til hausten får vi eit nytt gjensyn med Snake og hans absurde verd i Metal Gear Solid 5. Før den tid vil Konami sørgje for at alle som vil kan få med seg heile historia fram til no. I alle fall om du har ein PlayStation 3 og er villig til å importere frå statane.

Med Metal Gear Solid: Legacy Collection vil Konami feire 25 års jubileet til Metal Gear-serien. I pakka som så langt ser ut til å vere eksklusiv for PlayStation 3 får vi alle spela i den populære serien om helten med hockeysveisen og den grove stemma. I pakka får vi PS One-spelet Metal Gear Solid, HD-versjonane av PlayStation 2-spela Metal Gear Solid 2: Sons of Liberty og Metal Gear Solid 3: Snake Eater, HD-versjonen av Metal Gear Solid: Peace Walker, Metal Gear Solid: VR Missions og PlayStation 3-spelet Metal Gear Solid 4: Guns of the Patriots.

I tillegg til desse spela vil pakka kome med to digitale teikneseriar frå Ashely Wood. Metal Gear Solid 3: Snake Eater kjem samtidig med eit par godbitar i form av MSX-klassikarane Metal Gear og Metal Gear 2.

Dette blir den første gongen alle spela i serien er samla på ein stad. Tidlegare i år fekk vi kose oss med Metal Gear Solid: HD Collection til både PlayStation 3 og Xbox 360, men der fekk vi berre Metal Gear Solid 2 og 3, samt Peace Walker. Metal Gear Solid: Legacy Collection er så langt berre kunngjort for PlayStayion 3 i statane. Der vil den dukke opp til sommaren.

Les også: Anmeldelse: Metal Gear Rising: Revengeance Les også: Stealth Bastard med Deluxe-utgave

Siste fra forsiden