Ny nedtur for Shadow of the Eternals

Laber oppslutning for Eternal Darkness-oppfølgjar.

I mai sette ein gjeng avhopparar frå Eternal Darkness- og Too Human-studioet Silikon Knights i gong ein Kickstarter-kampanje for eventyrspelet Shadow of the Eternals. Den gjekk det ikkje særleg bra med. Dei ville ha nesten 1,5 millionar dollar for å lage eit episodebasert spel, men etter å ha så vidt klatra seg over 100 000 dollar avblåste utviklarane kampanjen.

I juli prøvde dei seg derimot på nytt. Denne gong var summen fira ned til 750 000 dollar, og i tillegg hadde dei fått med seg Metal Gear Solid-skodespelaren David Hayter for å ha stemma til hovudpersonen.

Dette var likevel langt frå nok. Sjølv om dei starta bra, stogga merksemda rundt kampanjen brått, og kampanjen er no over med godt over 300 000. Det er meir enn førre gong, men likevel langt frå målet.

Det blir ikkje noko blodbad for Lady Bathory i dag.

Gir ikkje opp

Utviklingsteamet hos Precursor Games vil likevel ikkje gi opp håpet om å få laga spel. I ei oppdatering på kampanjesida takkar dei først og fremst alle som har vore med på å støtte dei, før dei kjem med nokre håpefulle ord:

«Det er beklageleg at vi ikkje har vore i stand til å samle inn nok pengar, men vi gir ikkje opp. Vi vil utforske andre moglegheiter slik at vi kan få laga spela våre.»

Kunne du tenkt deg å sjå ein oppfølgjar til Eternal Darkness, eller har spel som Too Human og det påfølgjande rettsbråket med Epic Games fått deg til å miste trua på gjengen som har Silikon Knights-sjefen Denis Dyack med på laget?

Les også: Refleksjon: Ikke glem skrekkspillene Les også: Beyond: Two Souls får fleirspelar

Siste fra forsiden