(Bilde: Audun Rodem/Gamer.no)

– Ny og billegare Xbox One kjem seinare i år

Ryktemølla har eksplodert rundt Microsofts framtidsplanar

Om du meiner Xbox One – ein konsoll som enno ikkje har fått offisielle lansering i Noreg – er for dyr, ser det ut til at vi kan få eit billegare alternativ før året er omme. For eit par dagar sidan byrja brukaren ntkrnl på spelforumet NeoGaf å kome med svært mange påstandar om kva Microsoft jobbar med for tida.

Ein av desse påstandane er at Microsoft vil lansere ein ny Xbox One-modell seinare i år. Denne skal vere kvit, kanskje kome med ein terrabyte lagringskapasitet, og vere prisa på same nivå som PlayStation 4, altså omlag 3500 kroner. I tillegg er det snakk om at den vil kome med bluetooth, men utan Blu-ray-spelar.

VG247 har snakka med det dei hevdar er ei respektabel kjelde, og denne personen skal ha stadfesta at ein ny og billegare modell er på veg. Om den droppar Blu-ray fekk derimot ikkje VG247 noko svar på. The Verge har òg fått høyre frå separate kjelder at rykta stemmer.

Mange spelavsløringar

Får vi sjå Halo 4 på Xbox One?
Får vi sjå Halo 4 på Xbox One?

I tillegg til å fortelje om den nye Xbox One-modellen har NeoGaf-brukaren fortalt mykje om kva som vil skje på spelfronten til Microsoft i tida framover. Om vi skal tru brukaren vil Halo-fansen ha mykje å sjå fram til.

I følgje han vil Halo 2 bli lansert i ny og oppussa versjon på Xbox One 11. november. Denne HD-utgåva av spelet skal kome med betatilgang for Halo 5. I tillegg vil både Halo 3 og Halo 4 bli tilgjengelege på Xbox One i løpet av det påfølgjande året.

Om du er fan av Crackdown påstår kjelda at eit nytt spel skal lanserast i 2016. På toppen av dette vil dei Xbox One-eksklusive spela Quantum Break frå finske Remedy, samt Sunset Overdrive frå Ratchet & Clank-studioet Insomniac Games begge lanserast til hausten.

I tillegg fortel kjelda at Platinum Games er i gong med eit Xbox One-spel som førebels går under namnet Project Nagano. Dette skal lanserast i 2016.

Alt dette bør takast med ei solid klype salt, men at både VG247 og The Verge har fått stadfesta frå kjelder at det kjem ein ny Xbox One-versjon gjer det heile hakket meir truverdig. Den største peikepinnen på at det kan vere meir enn ville feberfantasiar er at Microsoft i følgje folk Kotaku har snakka med prøvar å finne ut kven ntkrnl er, og vil ta rettslege steg mot han/ho.

Vil du vite meir om Xbox One kan du ta ein kikk på våre førsteinntrykk, eller vår feature der vi samanliknar dei ulike funksjonane Xbox One og PlayStation 4 byr på.

Kommentarer (47)

Forsiden akkurat nå

Til toppen