Ny Tekken-film på veg

Ong-Bak-regissøren prøvar seg på ei spelfilmatisering.

Det har aldri vore eit særs godt forhold mellom Hollywood og spelindustrien. Mange har prøvd å lage filmar basert på spel, men stort sette har vi enda opp med katastrofale kalkunar som ikkje høyrer heime på nokon skjerm. Det same kan ofte seiast om spel basert på filmar.

Ein av mange filmatiseringar av kjende spel var Tekken frå 2010. Som dei fleste spelfilmar fekk Tekken rimeleg hard medfart, og har ein poengsum på skarve 32% på filmsida Rotten Tomatoes.

Ny film på veg

Nokre av stjernene frå den første Tekken-filmen.

Sjølv om den førre filmen ikkje gjorde det godt blant publikum, hindrar det ikkje maskineriet rundt frå å prøve igjen. I dag fortel Kotaku at den japanske skodespelaren Kane Kosugi har kunngjort at han skal ha ei rolle i ein komande Tekken-film. Han har tidlegare spelt i ein anna slåssefilm basert på eit slåssespel; DoA: Dead or Alive.

Filmen skal regisserast av Prachya Pinkaew. Namnet er kanskje ikkje kjent for dei fleste, men han gjorde solid suksess med kampsportfilmen Ong-Bak for nokre år tilbake. Om Pinkaew kan prestere å skape ei solid filmatisering av Tekken, gjenstår å sjå, men at han kan action herskar det liten tvil om.

Handlinga i filmen vil gå føre seg i tida før handlinga i den første Tekken-filmen. Filmen har fått namnet Tekken – A Man Called X. Når den skal ha premiere er ikkje klart.

Tekken er ikkje den einaste spelserien som er i ferd med å bli film. Produksjonsfasen er allereie i gong på filmar basert på Gran Turismo, Need for Speed og ikkje minst Angry Birds.

Siste fra forsiden