Ny utsetjing for Project CARS

Utviklarane har enda fleire småfeil å luke ut før spelet er lanseringsklart.

Det folkefinansierte racingspelet Project CARS har ein lang utviklingprosess bak seg, men utviklarane ser ikkje ut til å ha hastverk med å få det ferdige produktet ut til spelarane. Spelet har allereie ei rekke utsetjingar bak seg. Den siste i februar då spelet blei utsett frå mars til april.

I ei pressemelding får vi vite at den ekstra tida utviklarane hos Slightly Mad Studios kjøpte seg førre gong ikkje var nok. Spelet har no blitt flytta frå 2. april til midten av mai.

Lekre bilar Project CARS.

«Sjølv om Project CARS er 99,9% ferdig, har dei resterande 0,1% med små feil og problem vore vanskelege å forutsjå. Vi er fullstendig dedikerte til å levere ei grensesprengande oppleving, og ved å sikte oss inn på midten av mai kan fansen vere sikre på at det er nettopp det dei vil få», fortel Slightly Mad Studios-sjef Ian Bell i pressemeldinga.

Frå gokart til muskelbil

Project CARS er eit ambisiøst racingspel som satsar på å la deg få stake din eigen kurs. Du kan starte med gokart, og seinare ende opp med store, kraftige kjerrer. Utviklarane lovar den største samlinga bilar nokon sinne, i ei stor verd der du bryne deg på mange ulike former for motorsport.

Den nye utsetjinga er garantert skuffande for dei mange som har venta lenge på Project CARS, men med tanke på kor mange uferdige spel vi fekk servert i fjor haust, skal vi kanskje berre vere glade for at Slightly Mad Studios vel å prioritere kvalitet over ei snarleg lansering.

Project CARS er ikkje det einaste racingspelet i produksjon hos Slightly Mad Studios. Dei jobbar òg med gratisspelet World of Speed.

Siste fra forsiden