Ny oppdatering til Gears of War

Major Nelson opplyser i sin blogg om ei ny oppdatering for Gears of War. Oppdateringa vil kommer i dag, og vil rydde opp i litt rot, samt gi oss nokre nye belønningar å streve etter.

Skjermbilde fra Gears of War.
Skjermbilde fra Gears of War.

Heile 250 nye poeng vil du kunne oppnå gjennom 8 forskjellige belønningar. Desse kan du få tak i gjennom den nyleg lanserte Annex-modusen, samt Hidden Fronts-kartpakka. Annex-modusen kan du få ta del i heilt gratis, men om du vil spele dei nye karta må du ut med 800 Microsoft-poeng. Dei fire karta i Hidden Fronts vil bli gratis for nedlastning frå og med 3. september.

I tillegg vil «Roadie Run», sprint-modusen i spelet, få seg nokre justeringar som skal hindre deg frå å bli slengt inn mot veggar. Sidan mange har klaga på dette, er nok dette ei kjærkomen justering. I tillegg til dette skal Epic ha fiksa nokre hol som visse juksemakarar gjerne likar å utnytte.

Kommentarer (3)

Forsiden akkurat nå

Til toppen