Nye detaljar om Cyberpunk

CD Projekt RED lettar på sløret om sitt neste prosjekt.

I kveld hadde CD Projekt ein pressekonferanse der vi omsider fekk vite meir om det komande Cyberpunk-spelet frå CD Projekt RED. Først og fremst fekk vi vite det endelege namnet. Spelet blir heitande Cyberpunk 2077, og er basert på penn og papir-rollespelet Cyberpunk 2020 frå Mike Pondsmith. Som du sikkert ser av årstala er det komande spelet sett godt over 50 år lengre inn i framtida enn sin papirfar.

Grunnen til dette er så enkel som at 2020 er rett rundt hjørnet. For å gjere dei mange teknologiske framskritta i spelet meir truverdige, har dei dytta det heile inn i framtida.

Cyberpunk 2077 vil bli eit ambisiøst rollespel i ei opa sandkasseverd. Det heile går føre seg i Night City, og her får du ta del i ei korrupt og teknologisk avansert verd. Spelet baserer seg på regelsettet til Mike Pondsmith, og vil bli justert i samarbeid med Pondsmith for å møte krava til eit moderne rollespel.

Om det er slikt folk fantaserar om no for tida tar eg kvelden.
Om det er slikt folk fantaserar om no for tida tar eg kvelden.

CD Projekt RED lovar å by på eit gigantisk arsenal med ulike våpen, oppgraderingar, kroppsmodifikasjonar og dingsar. Eitt av måla er at du verkeleg skal kunne sjå opphavet til alt i verda. Ser du eit våpen eller ein gjenstand skal du i følgje utviklarane kunne sjå at det er ei naturleg utvikling frå ting vi har i dag.

Mike Pondsmith sjølv er svært entusiastisk over å samarbeide med CD Projekt, og har i ei pressemelding følgjande å seie om korleis han enda opp med å jobbe med polakkane:

«Teamet må elske materialet. Dei må halde seg tru mot materialet. Dei må ha ferdigheitene til å gjennomføre det, og fullføre visjonen. Dei må ha eit brennande ynskje om å lage eit ekstraordinært spel. Det er grunnen til at vi samarbeider med CD Projekt RED.»

Noko lanseringstidpunkt for Cyberpunk 2077 er ikkje klart, men CD Projekt RED og Mike Pondsmith har lansert Cybperpunk.net der du kan få regelmessige oppdateringar. Her vil du gradvis få meir info om spelet og utviklingsprosessen.

Les også: Cyperpunk inspirert av Game of Thrones
Les også: Anmeldelse: Hard Reset

Kommentarer (6)

Forsiden akkurat nå

Til toppen