Nye detaljar om Dragon's Dogma: Dark Arisen

Ta ein tur ned i mørkret i stor utviding til det utfordrande rollespelet.

I fjor lanserte Capcom Dragon's Dogma, eit digert rollespel der du kunne utforske villmarka, og når som helst møte livsfarlege drakar og sinte kyklopsar. Det var nesten som ei blanding mellom Dark Souls og Dragon Age, men spelet stod samtidig uhyre støtt på eigne bein.

Om du aldri fekk nok av å vandre rundt i den farlege audemarka vil du kunne halde fram eventyret ditt til våren. Capcom har i ei pressemelding i dag kunngjort at utvidinga Dragon's Dogma: Dark Arisen blir lansert for PlayStation 3 og Xbox 360 26. april. Det blir tilgjengeleg både i butikk, og for nedlasting. Xbox 360-spelarane må derimot vente til sommaren før dei får laste ned spelet.

Dragon's Dogma: Dark Arisen blir ein ny versjon av rollespelet vi fekk i fjor. I Dark Arisen får vi heile originalspelet, samt det nye området Bitterblack Isle. Denne øya ligg utanfor kysten av riket Gransys, og under jordskorpa vil vi finne mange mørke gangar og skumle monster. I følgje pressemeldinga vil spelet by på mange nye oppdrag, fiendar, og mykje meir.

Pass deg for ogren, han likar damar litt for godt.
Pass deg for ogren, han likar damar litt for godt.

Om du allereie har Dragon's Dogma vil du kunne overføre alle filene dine til Dark Arisen. Med deg på flyttelasset vil du få 100 000 Rift-krystallar, uendelege Ferrystones, og seks nye kostymer å kle deg ut i.

Dark Arizen vil i tillegg by på mange nye våpen og nytt utstyr, Capcom lovar at du kan finne eller kjøpe over hundre nye gjenstandar. Desse vil du no kunne oppgradere enda eit hakk utover dei tre vi kunne oppgradere i originalspelet. For å motivere deg til å halde fram vil du no kunne oppgradere helten din og pawnen din med nye eigenskapar. I Dragon's Dogma har dei fleste eigenskapar to nivå, i Dark Arisen får dei tre.

Capcom lovar utover dette forbetringar til sjølve opplevinga. Det vil for det første bli lettare å kome seg fram og tilbake i Gransys, utan at Capcom seier noko om nøyaktig korleis. Samtidig vil menysystemet blir endra på for å bli lettare å bruke.

Om Dark Arisen blir tilgjengeleg utan å kjøpe heile spelet på ny har ikkje Capcom vore heilt klare på. Mykje tyder derimot på at du blir nøydd til å kjøpe spelet om att, men prisen blir noko lågare enn før. Capcom fortel at den prisen for å laste ned PlayStation 3-versjonen blir 20 pund, eller omlag 200 kroner. Medan du ventar kan du ta ein kikk på den splitter nye traileren nedanfor.

Les også: De fem beste rollespillene akkurat nå
Les også: Monster Hunter til Wii U

Kommentarer (6)

Forsiden akkurat nå

Til toppen