Nye detaljar om Kopps-reggisørens spel

Riddick-utviklaren lagar samarbeid for ein spelar.

I fjor kunngjorde Starbreeze Studios i samarbeid med Kopps-regissøren Josef Fares spelet Brothers: A Tale of Two Sons. Dette blir eit spel som bryt fullstendig med kva vi er vande med frå utviklaren. Der vi tidlegare har fått mykje mørk action i førsteperson, blir dette eit fargerikt fantasy-eventyr der vi følgjer to brør som vil finne ein kur for sin sjuke far.

I ein video Starbreeze har lagt ut på spelets Youtube-kanal, får vi no den første konkrete informasjonen om korleis spelet fungerer.

Solid endring frå kva vi er vande med frå svenske Starbreeze.
Solid endring frå kva vi er vande med frå svenske Starbreeze.

Mest interessant er at spelet handlar om samarbeid mellom dei to brørne, men det betyr ikkje at du spelar saman med andre. I staden styrer du begge gutane samtidig. Den eine analogstikka styrer den eldste brorer, medan den andre styrer den yngste broren. Når du skal gjere noko i den fargerike verda trykkjer du på ryggknappane.

I videoen får vi nokre døme på korleis dette fungerer i praksis. Den eldste broren er hakket meir moden enn den yngste, og dette får vi demonstrert i korleis gutane snakkar med folk. Den eldste prøvar å få i gong ei samtale på ansvarleg vis, medan den yngste klapsar ein gammal gubbe på rumpa og ler.

Samarbeidet blir demonstrert ved at brørne etter tur må lokke ein sint hund mot seg slik at dei ein etter ein kan kome seg gjennom eit område. På denne måten flyttar du kvar av gutane framover etter tur til dei er trygge. Videoen viser samtidig døme på at gutane må slenge seg mellom stolpar, noko som ser ut til å by på litt fingergymnastikk.

Brothers: A Tale of Two Sons ser absolutt ut til å by på noko utanom det vanlege, og blir tilgjengeleg via nedlasting for Windows, Xbox 360 og PlayStation 3 i løpet av våren.

Les også: Payday: The Heist-oppfølger kommer
Les også: Syndicate-utvikler lager gratisspill

Kommentarer (5)

Forsiden akkurat nå

Til toppen