Nye eventyr i stjernehavet

Den japanske rollespelserien Star Ocean vender tilbake.

Det har gått nokre år sidan sist vi høyrde noko frå rollespelveteranane hos japanske tri-Ace. Sist dei gav ut eit spel i Europa var suverene Resonance of Fate frå 2010. Sidan den tid har dei brukt tida på spel som aldri tok steget ut frå Japan, samt Final Fantasy XIII-trilogien til Square Enix.

I nyaste nummer av den japanske spelblekka Famitsu, samt på ein fersk nettstad, har tri-Ace saman med Square Enix avslørt eit nytt spel i sin kanskje mest kjende serie; Star Ocean. Det fortel Gematsu. Spelet får namnet Star Ocean 5: Integrity and Faithlessness, og blir utvikla for PlayStation 4 og PLayStation 3.

Noko lanseringstidspunkt er ikkje kjent, ei heller om det tek turen til Europa. Dei tidlegare spela i serien har derimot alle fått lansering her til lands. Til Famitsu fortel regissøren at eit av måla med spelet er å dra inn både nye og gamle fans, noko som peikar i riktig retning for ei Europa-lansering.

Saumlause kampar

Star Ocean 5 vil som vanleg for serien by på ei blanding av tidsepokar.
Star Ocean 5 vil som vanleg for serien by på ei blanding av tidsepokar. Bilde: Square Enix

tri-Ace har lenge vore kjende for å lage strålande kampsystem i sine rollespel, og med Star Ocean 5 ser det ut til at dette atter ein gong blir eit fokusområde. Kampane vil skje i sanntid, og kor langt du er frå fienden vil få utslag på korleis figurane angrip. Du vil saumlaust gå inn og ut av kampane, der vi i tidlegare spel har blitt sende til eigne kamparenaer.

Medan ein utforskar verda skal heltane du styrer kunne bli angripe av fiendar i spesielle hendingar. Der kan følgjet ditt blant anna bli fanga, og slike situasjonar skal ha fleire potensielle utfall.

Historia veit vi så langt lite om. Spelet går føre seg på planeten Feycreed som ligg 6000 lysår frå jorda. I Star Ocean-kalendaren blir det plassert mellom Star Ocean 2 og Star Ocean 3. Eit knippe av hovudpersonane er avslørt, og vi ser igjen ut til å møte eit knippe unge heltar på eventyr.

Det førre spelet i Star Ocean-serien var Star Ocean 4: The Last Hope, som blei lansert på Xbox 360 i 2009, før det fekk ein PlayStation 3-versjon året etter. Det var eit artig rollespel som sleit med ei noko begredeleg historie.

 

 

 

Kommentarer (3)

Forsiden akkurat nå

Til toppen