Nye eventyr i Trine 3

Samarbeidsserien får sitt tredje fargerike eventyr.

Finske Frozenbyte har avslørt at det tredje spelet i den populære Trine-serien vil bli lansert seinare i år. Vi får ikkje mange detaljar, men vi blir lova eit nytt eventyr fullt av gåter, utfordringar, farlege beist og fargerik magi.

Saman med kunngjeringa har vi fått ein lekker trailer som viser litt av kva vi har vi vente. Av denne traileren som kan sjåast nedanfor vil nok flest bite seg merke i at spelet ikkje lenger utelukkande er sideskrollande. Fleire område ser ut til å by på fri navigering i tredimensjonale miljø, noko som bør kunne by på ei rekke nye utfordringar.

Spelet vil i første omgang kome til Windows, men Frozenbyte vil snakke om andre plattformer seinare.

Lagbasert gåteløysing

Trine 3 ser ut til å frigjere deg frå todimensjonal navigering.
Trine 3 ser ut til å frigjere deg frå todimensjonal navigering.

I Trine-serien følgjer vi eit trekløver beståande av ein riddar, ein trollmann og ein tjuv. Saman må dei løyse ei rekke praktiske utfordringar i eit spel som kombinerer tradisjonell plattformkunst med klassiske Lost Vikings. Alle dei tre figurane har sine bestemte roller og eigenskapar, og om du spelar aleine vil det bli naudsynt å skifte mellom kven du styrer ganske hyppig. Alternativt kan du huke tak i nokre vener for ei solid samarbeidsøkt.

Det har blitt selt over sju millionar kopiar av Trine-serien så langt. Sist blei Trine 2 lansert i Director's Cut-utgåve på Wii U. Den versjonen fekk litt blanda mottaking hos oss, spesielt sidan ikkje alle delane av spelet var like godt gjennomførte.

 

Kommentarer (3)

Forsiden akkurat nå

Til toppen