Nye storspel frå The Walking Dead-studioet

Telltale Games skal lage spel basert på Borderlands og Game of Thrones.

Telltale Games – studioet bak den enormt populære The Walking Dead-serien og nyleg lanserte The Wolf Among Us – har mange jarn i elden. Under spelprisutdelinga VGX i natt kunngjorde dei ikkje berre eitt, men to flunkande nye spel som vil dukke opp til neste år.

Det første spelet som blei vist fram er eit samarbeid mellom Telltale Games og Gearbox – studioet bak den glimrande Borderlands-serien. Spelet dei skal samarbeide om blir sett i Borderlands-universet og har fått namnet Tales from the Borderlands. Spelet blir skildra som ein hybrid mellom alt som er bra med Borderlands, og alt som er bra med Telltale Games.

Kva kan Telltale finne på i Borderlands-universet?
Kva kan Telltale finne på i Borderlands-universet?

Du vil altså få skyte ting, men ikkje forvent deg å gjere det på same måte som i samarbeidskalaset Borderlands. Fokuset i spelet vil først og fremst vere på å fortelje ei historie, og i motsetning til Gearbox sine Borderlands-spel vil vi ikkje trykke oss inn i skoa på såkalla Vault Hunters. I staden vil vi møte eit nytt knippe heltar, men vi vil likevel møte personar og område vi kjenner frå dei tidlegare Borderlands-spela.

Som vanleg frå Telltale vil vala dine avgjere kva som skjer vidare, og spelet vil få eit episodisk format. Kva plattformer spelet kjem til, og når, er ikkje kunngjort.

Om is og eld

Tales from the Borderlands er ikkje det einaste nye, store prosjektet til Telltale Games. I natt kunngjorde dei at dei vil lage episodiske spel basert på den uhyre populære Game of Thrones-serien. Desse spela vil bli baserte på TV-serien, og ikkje på bøkene til George R.R. Martin. Om nokon av skodespelarane frå serien blir med i spelet er for tidleg å seie.

Telltale Games er heilt i startfasen med Game of Thrones og delte få detaljar om det nye prosjektet. Akkurat no er studioet i gong med å finne ut kven som skal vere hovudpersonane og kva spelet skal handle om. Vi kan vente oss eit spel som er likt andre Telltale-spel, men dei vil ha eit fokus på dei store slaga i Game of Thrones-serien.

Game of Thrones vil bli lansert i løpet av 2014, men med tanke på at Telltale Games berre så vidt har kome i gong med utviklinga må vi nok rekne med å vente ei stund på første episode.

Om du ikkje klarar å vente til neste år på meir underhaldning frå Telltale Games startar sesong to av The Walking Dead om svært kort tid.

Kommentarer (5)

Forsiden akkurat nå

Til toppen