Nye Cannon Fodder er utsett

Dei tapre soldatane sin tilbakekomst på PSP let vente på seg.

Hugsar du Cannon Fodder? Spelet der du med ein liten tropp soldatar sprang ut i farlege krigssituasjonar? Det var eit blodig spel der folk mista livet raskare enn sniglar på glovarm asfalt, og gravsteinane til dine falne kameratar blei fleire og fleire for kvart oppdrag.

Skjermbilde frå Cannon Fodder

Sjølv om det var eit veldig humoristisk spel i korleis det framstilte krigen, gav det deg samtidig eit forhold til soldatane dine. Alle hadde eigne namn, og dei steig i gradene om dei overlevde oppdrag.

Spelet er for tida under utvikling til PSP, men har dessverre blitt utsett på ubestemt tid sidan Codemasters ikkje er nøgde med kvaliteten. Vi spurte Sam Cordier, kommunikasjonssjef i Codemasters om korleis dei vil ha det:

– Fantastisk! Spelet har ein enorm tilhengjarskare, og ei oppdatering må halde seg trufast mot den humoren som var til stade i det originale spelet.

Han har i tillegg litt å seie om den utfordringa det er å hente fram eit gammalt spel for eit nyare medium.

– Det er ein hårfin balanse mellom å oppdatere eit spel for eit nytt publikum, og å halde seg tru mot alle dei som har ei sterk nostalgisk kjensle for originalen. Vi vil ikkje gi ut spelet før den balansen er oppnådd.

Det er med andre ord umogleg å sei når vi kan legge ut på krigstokt på PSP.

Siste fra forsiden