Nytt Ace Combat på veg

Det neste spelet i serien kjem berre til PlayStation 3.

Sidan 1992 har Namco jamt og trutt lansert nye spel i Ace Combat-serien. I desse spela tek du på deg rolla som ein jagarpilot som må ut på tokt i i fiktiv verd laust basert på vår eiga. Serien blir utvikla av Project Aces som stort sett har halde seg til Ace Combat-serien, med unntak av de herlege spelet The Sky Crawles: Innocent Aces.

Snart er det klart for meir Ace Combat sidan vi hos VG247 kan lese at Namco Bandai har kunngjort Ace Combat: Infinity. Ingen detaljar er ute om spelet enno, men av ein kort trailer kan vi sjå at det så langt berre er kunngjort for PlayStation 3. Dette blir i så fall ei heilomvending i forhold Xbox 360-eksklusive Ace Combat 5: Fires of Liberation.

Det førre spelet i Ace Combat-serien var det nedlastbare spelet Ace Combat: Assaut Horzon. Spelet hadde sine stunder, men feila likevel å overbevise:

«Er du ute etter ein jagerflysimulator kan du snu i døra, men om du er lysten på in overflatisk actionorgie er det ein del å hente her. Ace Combat: Assault Horizon byr på masse fart, mange eksplosjonar, mykje adrenalin og eit godt, underholeende gameplay. Men etter dei første to-tre oppdraga flatar opplevinga derimot ut i monotont arbeid. Du får riktig nok godkjensla av å etter ei lang og intens jakt kunne sjå missilet ditt ploge inn i flyet framfor deg, men gjer dette hundre gangar til og sjå kor god kjensla er da.»

Les også: Sniktitt: EVE-VR Les også: Gratisracing fr Namco

Siste fra forsiden