Nytt Darksiders-spel er på veg

Men først får vi ei oppussa utgåve av Darksiders 2.

Darksiders var blant dei mest populære spelseriane til no nedlagde THQ. Serien gjekk ei usikker framtid i møte då Nordic Games kjøpte serien, ogutviklarstudioet Vigil Studios blei oppløyst. Tidlegare i år blei det kjent at Darksiders 2, der vi får spele som døden, blir pussa opp for PlayStation 4, og i dag har vi omsider fått pressemeldinga som stadfestar kva vi har i vente.

Darksiders 2 Deathinitive Edition vil bli lansert til vinteren, og det er ingen ringare enn Vigil-veteranane i Gunfire Games som har tatt på seg jobben med å pusse spelet opp for nye konsollar. I tillegg til å bli lansert på PlayStation 4, vil det kome til Xbox One.

Døden får eit ansiktsløft

Døden er på jakt.
Døden er på jakt. Bilde: Nordic Games

I Deathinitive Edition, som det så treffande heiter, får vi i hovudsak det same spelet, sjølv om grafikken naturlegvis har blitt pussa opp eit par hakk. Utgåva vil by på alt innhald for originalspelet, samt alt av ekstrainnhald. I tillegg har Gunfire Games finjustert balansen og fordelinga av gjenstandar.

Grunnleggjar av både Vigil Games og Gunfire Games, David Adams, fortel i pressemeldinga at han er glad for å jobbe med serien igjen.

«Etter to års pause er det godt å jobbe med Darksiders igjen. Dette prosjektet er ein flott sjanse for oss til å halde fram der vi slapp, og gå enda djupare inn i spelet.»

Nytt Darksiders er på veg

Ingenting kan gjere denne fyren vakker.
Ingenting kan gjere denne fyren vakker. Bilde: Nordic Games

I pressemeldinga får vi òg vite at eit nytt og storstilt Darksiders-spel vil kome, men Nordic Games vil ikkje ut med detaljar om dette heilt enno. Det er naturleg å tenkje seg at Gunfire Games vil stå ved utviklinga av dette spelet òg.

Nordic Games har vore ei redning for Gunfire Games, eit studio som har hatt ei hard tid etter nedleggjinga av THQ. Etter THQ-konkursen blei dei kjøpt opp av Crytek for å danne Crytek USA, men dette studioet blei raskt nedlagt grunna finansielle problem hos Crytek. Vigil-veteranane enda då opp med å stifte sitt eige studio Gunfire Games, og er no tilbake der dei starta; med Darksiders-serien.

Kommentarer (5)

Forsiden akkurat nå

Til toppen