Nytt Dragon's Dogma er avslørt

Dragon's Dogma Online blir nettrollespel, men kjem det til Europa?

Capcom gjer seg klare for å vise kva planar dei har for det neste spelet i Dragon's Dogma-serien denne veka. I neste nummer av det japanske spelbladet Famitsu skal heile 18 sider viast Dragon's Dogma Online, men før bladet kjem i sal seinare denne veka, har dei første detaljane blitt kjent.

Som namnet seier vil Dragon's Dogma Online få eit solid fokus på nettspeling. Dette ser ut til å bli i så stor grad at du ikkje vil kunne spele utan å logge på. Samstundes viser det seg at dette blir eit gratisspel der inntjeninga skjer via mikrotransaksjonar.

Kva slags sinte monster vil Dragon's Dogma by på?
Kva slags sinte monster vil Dragon's Dogma by på?

Spelet blir regissert av Dragon's Dogma: Dark Arisen-regissør Kento Kinoshita, og er førebels berre kunngjort for PlayStation 3, PlayStation 4 og PC. Dette betyr ikkje nødvendigvis at Xbox-versjonar er utelukka, sidan japanske utviklarar ofte kunngjer spel berre for PlayStation i Japan, før dei seinare blir kunngjorde til Xbox i vesten. Om spelet kjem til våre trakter er derimot usikker, til Eurogamer har Capcom fortalt at dei enno ikkje har planar om å bringe spelet hit.

Når spelet skal lanserast er det ikkje sagt noko om.

På monsterjakt med vener

Dragon's Dogma Online skal i hovudsak fungere slik originale Dragon's Dogma gjorde, men med ei rekke endringar. Samarbeid vil få eit stort fokus, og fire spelarar kan rotte seg saman for å angripe dei mange fantasibeista spelet vil by på. Pawn-systemet vil likevel kome tilbake. Kor vidt du kan spele aleine, eller Pawn-systemet er der berre for å fylle ut eventuelle tomme stolar i gjengen, vitast ikkje. For større oppdrag vil åtte spelarar kunne slå seg saman.

Du vil kunne finne spelarar gjennom ein lobby der opp til 100 spelarar skal kunne samlast. Det ser altså ikkje ut til at dette vil bli eit fullt MMO, men i staden noko i same gate som Guild Wars.

Dragon's Dogma Online vil by på ei heilt ny verd med ei ny historie. Denne verda vil vakse med kontinuerlege oppdateringar, og planen er at den etter kvart vil vakse seg til å bli tre gongar så stor som ved lansering.

Utover dette vil du få langt fleire val når du skrur saman karakteren din.

Dragon's Dogma blei lansert våren 2012 til ståande applaus hos oss. Vi rosa spelet for den spanande verda, og spinnville kampar mot tidvis enorme monster. Året etter lanserte Capcom ein ny og forbetra versjon i form av Dragon's Dogma: Dark Arisen.

Kommentarer (3)

Forsiden akkurat nå

Til toppen