Nytt Earth Defense Force til PlayStation 4

Kjempekrypa gjer sitt inntog på neste generasjon.

Ein av detaljane som gjekk mange hus forbi under Sony sin pressekonferanse tidlegare i dag var at D3 Publishing kunngjorde at eit nytt spel i Earth Defense Force-serien er under utvikling. Spelet er så langt berre kunngjort for PlayStation 4. Utover det har ikkje utgjevaren sagt noko om kva planar utviklarane hos japanske Sandlot har for neste spel i serien.

Earth Defense Force-serien er ein dyster framtidsvisjon der vi får besøk frå det ytre rom. Massive romskip susar over planeten vår og slepp ut bølingar med massive maur, edderkoppar, andre gigantinsekt og robotoar. Du tek på deg rolla som ein soldat i Earth Defense Force – eller EDF på godt norsk – og må slå tilbake mot overmakta med eit enormt utval forskjellige våpen. Eit populært aspekt ved spela er korleis absolutt alle bygningar kan jamnast med jorda.

Earth Defense Force 2025 lar deg jakte insekt i februar.
Earth Defense Force 2025 lar deg jakte insekt i februar.

Når det neste spelet i serien vil vere ferdig veit vi ikkje noko om, men før den tid vil vi få huke tak i Earth Defense Force 2025 på Xbox 360 eller PlayStation 3. Dette spelet er oppfølgjaren til Earth Defense Force 2017 som opprinneleg var eksklusivt for Xbox 360, før det i fjor fekk ein PS Vita-versjon.

I Earth Defense Force 2025 har det gått åtte år sidan vi jaga bort insekta førre gong, men no er dei på plass igjen. I motsetning til den eine soldaten du kan velje i Earth Defense Force 2017, kan du i 2025 velje mellom fire ulike klassar. I tillegg kan du ta styringa over ei rekke ulike køyrety.

Earth Defense Force 2025 kjem i sal for Xbox 360 og PlayStation 3 4. februar, nokon dato for PlayStation 4-oppfølgjaren er ikkje klar.

Les også: Her er de første Deep Down-detaljene
Les også: PS Vita TV er Sonys svar på Apple TV

Kommentarer (0)

Forsiden akkurat nå

Til toppen