Nytt Halo-spel blir gratis og eksklusivt for PC

Men det blir berre utvikla for den russiske marknaden.

Det er lenge sidan vi har sett noko til Microsofts Halo-serien på PC-fronten. Ikkje sidan Halo 2 blei lansert på PC i 2007 har Microsoft tatt seg bryet med å gje PC-publikummet noko å tyggje på.

Dette endrar seg derimot i år sidan Microsoft saman med Halo-studioet 343 Industries i dag har avslørt eit heilt ferskt Halo-prosjekt for den russiske marknaden under ein pressekonferanse i Russland. Dette får vi vite via nettforumet Neogaf.

Det nye spelet som enno ikkje ser ut til å ha fått eit namn blir utvikla av Saber Interactive. Dei har tidlegare stått bak HD-utgåva av Halo: Combat Evolved, og har vore engasjerte i Halo: The Master Chief Collection som blei lansert i fjor haust.

Spelet blir eit gratisspel der fokuset utelukkande ser ut til å vere på fleirspelar, og vil gå ut i beta snart. Det vil støtte fire til 16 spelarar, og er basert på Halo 3-grafikkmotoren. Spelet skal likevel vere på grafisk nivå med Halo 4.

Halo slik vi kjenner det

Skjermbilete frå Halo: The Master Chief Collection.

Etter alt å døme blir dette eit spel i kjend Halo-stil. Kjende modusar som Team Slayer og Assassination er med, og du vil kunne plukke opp våpen, køyrety og oppgraderingar rundt omkring på kartet. Gratissmodellen ser òg ut til å spele ei rolle her, sidan du kan kjøpe deg betre utstyr.

Det er mange overraskingar ved denne kunngjeringa til Microsoft. Om vi ser bort frå eit par stikkeskytarar i Halo-serien, er dette det første skytespelet i Halo-serien som kjem til PC på mange år. I tillegg er det så langt ingenting som tyder på at det vil kome til konsoll. Dette i seg sjølv er kanskje ikkje så rart, sidan Microsoft vil lansere storspelet Halo 5 seinare i år.

Samstundes er det lov å undre seg over kvifor dette spelet berre er kunngjort for Russland, sidan Halo er ei svært etablert merkevare verda over. Spel som til dømes Warface har likevel blitt lansert i Russland før resten av verda, og det same kan godt mogleg skje med det nye Halo-spelet.

Siste fra forsiden