Nytt Lara Croft-eventyr har fått dato

Denne gongen slår den barske arkeologen seg saman med egyptiske gudar.

Under E3-messa i juni kunngjorde Square Enix eit nytt eventyr om Lara Croft. Lara Croft and the Temple of Osiris er ein oppfølgjar til det populære samarbeidsspelet Lara Croft and the Guardian of Light. I motsetning til andre spel om den tøffe skattejegaren er ikkje desse spela actioneventyr i tredjeperson, men i staden ser vi det heile frå fugleperspektiv.

I Lara Croft and the Temple of Osiris utvidar utviklarane hos Crystal Dynamics fleirspelarmodusen frå det første spelet, og fire spelarar vil no kunne spele saman i rollene som Lara Croft, utforskaren Carter Bell, samt dei egyptiske gudane Horus og Isis.

No har spelet fått lanseringsdato, og du vil kunne ta del i Lara Crofts nye eventyr frå og med 9. desember. Spelet vil bli tilgjengeleg på Xbox One, PlayStation 4 og PC.

Meir Tomb Raider på veg

Det er ikkje berre berre når Lara Croft og egyptiske gudar legg ut på eventyr.

I tillegg til det nye eventyret om den vaksne varianten av Lara Croft har Crystal Dynamics og Square Enix enda eit eventyr om skattejegaren på veg. I tillegg til å kunngjere Lara Croft and the Temple of Osiris under E3-messa, avslørte dei òg at dei jobbar med ein oppfølgjar til fjorårets Tomb Raider-spel.

Spelet som har fått namnet Rise of the Tomb Raider vil halde fram der det førre spelet slutta, og vi blir lova eit spelområde som er heile tre gongar så stort som i det førre spelet. Om alt går etter planen vil Rise of the Tomb Raider bli lansert ein gong til neste år.

Tomb Raider blei for øvrig tidlegare i år lansert i ein ny og oppgradert versjon for Xbox One og PlayStation 4.

Siste fra forsiden