Nytt LEGO Batman-spel kjem til hausten

Batman tek med seg superheltvenene sine til det ytre rom.

Eit nytt år, eit nytt LEGO-spel frå TT Games. Det kan i alle fall sjå slik ut, men jamt over får vi godt mogleg servert meir enn eitt LEGO-eventyr per år. I år har vi allereie fått leike oss i Midgard i LEGO The Hobbit, og i dag har Warner Bros. i ei pressemelding kunngjort atter eit nytt LEGO-eventyr.

Denne gongen blir det eit gjensyn med Batman, den mørke helten med grusstemma. Det tredje LEGO-spelet om Batman får namnet LEGO Batman 3: Beyond Gotham, og som namnet seier reiser vi utanfor bygrensene til Batmans heimby.

Til det ytre rom

Jokeren er tilbake, garantert med lumske planar.

I LEGO Batman 3: Beyond Gotham er skurken Braniac i full sving med å krympe verder for å samle inn miniatyrbyar til samlinga si. Dette må sjølvsagt Batman setje ein stoppar for, noko han ikkje må gjere aleine. Pressemeldinga skryt av at du får leike deg med heile 150 karakterar frå DC-universet.

Blant desse finn vi figurar frå blant anna Justice League og LEGO Big Figures. Nokre døme er Killer Croc og Solomon Grundy. I løpet av spelet vil vi få vitje kjende område som Hall of Justice, flaggermusgrotta og Justice League-tårnet.

Figurane vil få nye eigenskapar å leike seg med, men kor vidt spelet byr på noko verkeleg nytt for LEGO-spela til TT Games seier ikkje pressemeldinga mykje om.

Dei tidlegare LEGO Batman-spela LEGO Batman: The Videogame, og LEGO Batman 2: DC Heroes har begge fått litt lunken mottaking hos oss. Spela bugnar over av innhald, men begge spela lid under litt rotete nivådesign.

LEGO Batman 3: Beyond Gotham er under utvikling for Xbox One, Xbox 360, PlayStation 4, PlayStation 3, Wii U, Nintendo 3DS og Windows. Det kjem i sal i løpet av hausten.

Siste fra forsiden