Nytt Naruto-spel er avduka

Den populære animehelten får seg eit massivt grafisk løft når det kjem til nye konsollar.

Den enormt populære manga- og animehelten Naruto har ved sidan av sine langvarige seriar i både teikna og animert format fått seg ei lang rekke spel. Dei har absolutt variert i kvalitet, der nokre har vore fantastiske eventyr, medan andre har fått oss til å stille spørsmål ved korleis vi lev liva våre, og ikkje på ein god måte.

Ein utviklar av Naruto-spel har utmerka seg ved å kontinuerleg levere solide produkt, og det er CyberConnect2. Deira Ultimate Ninja Storm-serie har gjeve oss noko av den mest overbevisande teikneseriegrafikken vi har sett i noko spel, og det ser det ikkje ut til at dei har planar om å slutte med.

Siste angrep frå demonreven

Inferno er berre fornamnet.
Inferno er berre fornamnet.

I dag har CyberConnect2 gjennom ei pressemelding frå Bandai Namco avslørt Naruto Shippuden: Ultimate Ninja Storm 4 for PlayStation 4, Xbox One og Steam. Lanseringa vil finne stad i løpet av 2015.

Utviklarane kallar dette eit siste, massivt angrep for serien, og lovar eit visuelt åsyn som vil overgå anime-serien, og samtidig levere lynraskt gameplay.

Vi kan berre draume om korleis dette blir i aksjon.
Vi kan berre draume om korleis dette blir i aksjon.

Vi har fått to skjermbilete frå spelet, og sjølv om vi ikkje kan seie noko om gameplayet ut frå dei, er det absolutt ut til at CyberConnect2 er på rett spor for å skape ei visuell oppleving vi enno ikkje har sett makan til.

Detaljane om spelet er så langt få, men det vil by på kampar for to konkurrerande spelarar, både på og utanfor nettet. I tillegg vil spelet bli inkludert i Bandai Namcos eiga Storm League-turnering.

 Sjølv om CyberConnect2 er best kjende for Naruto-spela sine, har dei òg prøvd seg på andre ting, blant anna det spenstige og absurde actionspelet Asura's Wrath.

Kommentarer (2)

Forsiden akkurat nå

Til toppen