Nytt Riddick-spel er på veg

Vin Diesel har samla Escape from Butcher Bay-teamet for å lage MMO.

Xbox-spelet Chronicles of Riddick: Escape from Butcher Bay står for mange som ein klassikar i snikespelsjangeren. I spelet fekk du tre inn i skoa til Vin Diesels barske actionhelt Riddick. Spelet kom frå svenske Starbreeze som nyleg leverte det rørande spelet Brothers: A Tale of Two Sons.

For nokre år tilbake fekk Espace from Butcher Bay ei solid oppusiing og ein ny kampanje då det blei lansert på Xbox 360, PlayStation 3 og Windows.

Mange har nok venta i håp om at eit nytt spel skulle dukke opp, og det håpar har nok ikkje blitt mindre i og med at ein ny Riddick-film er ute i desse tider.

Riddick vender tilbake.

Leigesoldat i rommet

I eit intervju med IGN har Vin Diesel no avslørt at arbeidet med eit nytt spel i serien er i gong. Vin Diesel fortel der at han har fått samla saman Starbreeze-teamet som stod bak dei tidlegare spela i serien for å skape noko heilt nytt.

Detaljar eller namn er få akkurat no, men Vin Diesel fortel at det blir eit slags MMO der du tek på deg rolla som ein leigesoldat i Riddick-universet.

Når det nye spelet skal vere ferdig, eller kva plattformer det vil kome til veit vi førebels ingenting om.

Les også: Anmeldelse: Splinter Cell: Blacklist Les også: Sniktitt: The Elder Scrolls Online

Siste fra forsiden