Nytt Star Trek-spel har fått dato

Snart kan du leggje ut på heisatur med Kirk og Spock.

Det dukka ikkje opp noko spel til den første av J.J. Abrams sine Star Trek-filmar, men no er snart ein ny film å sjå på den store skjermen, og då får vi noko attåt heime i stova. Star Trek The Video Game er derimot ikkje eit typisk filmspel som prøvar å følgje historia i filmen. Stark Trek The Video Game er i staden eit spel sett til same univers som dei nye filmane, og nyttar likskapen til skodespelarane i den.

I det komande spelet møter Kirk og Spock slemmingen Gorn som først dukka opp i ein episode av den mangeårige TV-serien heilt tilbake i 1967.

I ei pressemelding i dag fortel utgjevaren Namco Bandai at spelet har fått lanseringsdato 26. april. Då blir det med andre ord enda eit actionfylt spel å fylle vårtida med. I Star Trek vil du ikkje bli ein einsam vandrar med pistol i beltet, i staden har utviklarane valt å satse hardt på samarbeid mellom Kirk og Spock. Samtidig har utviklarane samarbeida med produksjonsteamet bak filmane for å gjere det heile så autentisk som mogleg.

Møt Gorn, din nemesis.
Møt Gorn, din nemesis.

Om dei har lukkast i det finn vi snart ut. Vi hadde derimot ein kikk på spelet i fjor, og då såg det heile rimeleg lovande ut:

«Digital Extremes har rørt saman eit solid førsteinntrykk med si tolking av den nest kulaste kapteinen i Star Trek-universet og Vulcan-bestekompisen hans. Spelet er pent, smidig og velanimert, og evnar å presentere omgivnader som er noko anna enn eit rammeverk for skytegalskapen din. Eimen av lisensspel er ikkje så kraftig som den burde ha vore.»

Star Trek kjem i sal for PlayStation 3, Xbox 360 og Windows 26. april.

Les også: Valve og Star Wars-regissør skal samarbeide
Les også: Star Citizen satte folkefinansieringsrekord

Kommentarer (6)

Forsiden akkurat nå

Til toppen