Nytt Tales of-spel til Europa

Og Tales of Xillia 2 har endeleg fått lanseringsdato.

Dei siste åra har vi sett ein solid oppsving i Bandai Namcos fokus på rollespel i vesten. I fjor lanserte dei det flotte rollespelet Tales of Xillia, året før gav dei oss Tales of Graces f, og tidlegare i år lanserte dei ei HD-samling der vi fekk Tales of Symphonia og Tales of Symphonia: Dawnm of the New World. I desember kunngjorde dei i tillegg at deira nyaste prosjekt Tales of Zestiria vil kome til Europa.

Kampsystemet er alltid eit av høgdepunkta i Tales of-spela.
Kampsystemet er alltid eit av høgdepunkta i Tales of-spela.

No har Bandai Namco i ei pressemelding kunngjort at enda eit Tales of-spel kjem til Europa. I denne omgang er det Tales of Hearts R som får ta turen. Tales of Hearts R er ein PlayStation Vita-versjon av eit spel som opprinneleg kom til Nintendo DS.

I spelet møter vi den unge mannen Kor Meteor som får tak i det kraftige våpenet Soma. Han møter ei ung jente som har fått trolldom kasta over seg, og dette blir starten på eventyret. Som med alle Tales of-spel vil det etablerte kampsystemet kome med sine markante særtrekk. I Tales of Hearts R vil du kunne kjempe i lufta på lik linje med på bakken.

Tales of Hearts R har ikkje fått konkret lanseringsdato heilt enno, men vil dukke opp til vinteren.

Tales of Xillia 2 har fått dato

Blir kampane i Tales of Xillia 2 like hektiske som i forgjengaren?
Blir kampane i Tales of Xillia 2 like hektiske som i forgjengaren?

Etter lanseringa av Tales of Xillia i fjor har nok mange Tales of-fans vente på å få vite når PlayStation 3-spelet Tales of Xillia 2 vil lanserast her til lands. Ved sidan av å kunngjere Tales of Hearts R har Bandai Namco òg avslørt at Tales of Xillia 2 vil lanserast 22. august. Dette er ganske nøyaktig eit år etter det første spelet.

Om du ikkje har fått sjansen til å hive deg over det første av Tales of Xillia-spela heilt enno, er det absolutt verdt ein kikk. I vår omtale gav vi det åtte av ti poeng:

«Vi får igjen servert eit fyrverkeri av eit kampsystem som byr på enormt med potensiale for å forme ut nye måtar å ha det moro på i kampane, eller sleipe metodar for å bli enda sterkare. Som ein konsekvens av underhaldningsverdien kampane byr på er det kanskje hakket for lett å hive seg ut i dei.»

Om du vil vite meir om korleis Tales of-serien blir til bør du får med deg vårt intervju med Tales of-sjefen Hideo Baba.

 

 

 

Kommentarer (3)

Forsiden akkurat nå

Til toppen