Nytt Total War-spel blir gratis

Creative Assembly har kunngjort enda eit spel i sin populære strategiserien.

Tidlegare i år kunngjorde Creative Assembly eit ambisiøst nytt spel i Total War-serien. Samstundes har Creative Assemblys digitale studio i skjul arbeida med ein oppfølgjar til mobilspelet Total War Battles: Shogun frå 2012. I ei pressemelding i dag har dei avduka oppfølgjaren Total War Battles: Kingdom.

I Total War Battles: Kingdom blir vi lova eit langt meir ambisiøst spel enn Shogun var. Spelarane vil koble seg til ei online-verd dei kan ta med seg på tvers av plattformer. Spelet kjem til Windows, Mac og iPad, og du skal kunne ta deg ei økt på PC heime, og halde fram via iPad når du er ute i det fri.

Som mange andre spel som òg kjem til mobile plattformer blir Total War Battles: Kingdom gratis å spele. Creative Assembly lovar likevel at dette ikkje vil bli eit spel der du betalar for å vinne, og du skal kunne låse opp alt innhaldet i spelet berre ved å spele. Kor lang tid du må bruke for å låse opp ting blir det derimot ikkje sagt noko om.

Forenkla Total War-oppleving

Total War Battles: Kingdom.

Total War Battles: Shogun var eit forenkla Total War-spel der utviklarane satsa på å gje deg smaken av Total War utan at du måtte setje deg inn i alle detaljane ved eit ordinært Total War-spel. Med Kingdom held utviklarane fram dette tankesettet, men bles samstundes det heile opp til å bli langt meir avansert enn Shogun var. Du vil no få langt meir kontroll over korleis du skal byggje opp riket ditt, og kampane vil bli mykje større enn i forgjengaren.

På toppen av dette vil du få spele med mange andre spelarar på nettet, i motsetning til den einspelarfokuserte forgjengaren.

Om du er interessert i å prøve Total War Battles: Kingdom kan du skrive deg opp for å vere med i betatesten ved å ta turen til spelets nettstad. Creative Assembly har starta ein lukka betatest, men ein open betatest vil bli tilgjengeleg etter kvart. Denne er i første omgang berre tilgjengeleg på Windows.

Total War Battles: Kingdom er ikkje det einaste Total War-sidespranget til Creative Assembly. I fjor kunngjorde dei det MOBA-inspirerte konkurransespelet Total War: Arena.

Siste fra forsiden