Nytt Yoshi's Island-spel på veg

Nintendo går tilbake til pastellkrita i sitt nye plattformspel.

I 1995 var det eitt spel som fekk alle til å sperre opp auga i ekstra stor grad. Etter det fenomenale Super Mario World bestemte Nintendo seg for å gjere noko heilt anna med oppfølgjaren. I Super Mario World 2: Yoshi's Island blei den grøne dinosauren Yoshi helten, og med ein baby-versjon av Mario på ryggen trava han rundt i eit mildt sagt unikt univers.

Det heile såg ut som om det var teikna med pastellkrit av ungar i barnehagen. Resultatet var noko av det mest nydelege og imponerande ein kunne presse ut av ein Super Nintendo.

I spelet var ei av oppgåvene å passe på at Mario var trygg medan ein samla egg ein seinare kunne skyte på både fiendar og diverse krims krams som krydra nivåa. Spelet fekk ein sjølvstendig liksomoppfølgjar i Nintendo 64-spelet Yoshi's Story to år seinare, men dette spelet nådde aldri heilt den same populariteten. Ein direkte oppfølgjar fekk vi først i Yoshi's Island DS som dukka opp i 2006.

Dette er tydelegvis Yoshis år, for i tillegg til det nye Yoshi-spelet til Wii U frå Kirby's Epic Yarn-studioet HAL Laboratory, har Nintendo i dag kunngjort eit heilt nytt 3DS-spel i Yoshi's Island-serien.

Det nye Yoshi-spelet vil halde fram den unike stilen som gjorde originalen kjent, og alle dei etablerte triksa til Yoshi er tilbake. Han kan hoppe høgt, smelle i bakken, og naturlegvis skyte egg.

Så mykje meir enn dette har ikkje Nintendo gått ut med av informasjon. Dei vil kome med meir informasjon om spelet – samt når vi kan vente det i hende – om ikkje så alt for lenge. Dei første glimta frå spelet kan du sjå nedanfor.

Første glimt frå nytt Yoshi's Island-spel.

Les også: Zelda-klassikar får oppfølgjar Les også: Anmeldelse: Paper Mario: Sticker Star

Siste fra forsiden