Nytt Zone of the Enders på veg

Kojima Productions kan meir enn å lage Metal Gear Solid.

Tidlegare i dag heldt Konami og Kojima Productions eit Zone of the Enders-pressearrangement i Japan. Der tok Hideo Kojima til scena for å avsløre at Kojima Productions har starta arbeidet på eit nytt Zone of the Enders-spel, skriv Andriasang.

Kojima sa ikkje mykje om det nye spelet. Akkurat no er det berre på prototyp-stadiet, og om det vil bli gjort ferdig er framleis usikkert. Utviklarane sin viktigaste jobb er å finne ut kva dei kan få til med Kojima Productions eigen grafikkmotor Fox Engine. Eit ledd i dette er å byggje miniatyrmodellar av dei forskjellige skapningane i spelet, som dei seinare overfører til Fox Engine.

I motsetning til den futuristiske settinga i dei tidlegare Zone of the Enders-spela ser det nye spelet ut til å dra oss mange år tilbake i tid til ein eldgammal sivilisasjon.

Zone of the Enders-serien har så langt bydd på to PlayStation 2-spel, eit GameBoy Advance-spel og ein anime-serie. Om du ikkje er kjend med denne serien blir du kasta inn i førarsetet på svære robotar som kjempar ville slag i rommet. I motsetning til Kojima Productions sin mest kjende serie – Metal Gear Solid – er det ikkje mykje lusking i skuggane å spore her.

I Zone of the Enders er det høgoktan action som gjeld. Med robotane kan du pryle opp fiendane i eit høgt tempo, og spy fargerikt sprengstoff i alle retninga. Serien har fått seg ein så solid tilhengjarskare at Konami under E3-messa i fjor annonserte at dei jobbar med ei samlepakke som inkluderer HD-versjonar av begge PlayStation 2-spela.

I dag blei det kunngjort at denne samlepakka har fått japansk lanseringsdato den 25. oktober, men nokon europeisk dato let framleis vente på seg.

Les også: Anmeldelse: Metal Gear Solid HD Collection

Siste fra forsiden