Nytt Gudfaren-spel

Electronic Arts har bekrefta at vi igjen vil få ta del i mafia-eposet.

Under Electronic Arts sitt siste investormøte, fekk EA Games-sjefen Frank Gibeau eit spørsmål om korleis EA stiller seg ovanfor produkt med modent innhald. Spørsmålet refererte til korleis Disney brukar fleire underselskap som til dømes Miramax for å nå forskjellege kundegrupper.

I følgje Gamasutra har Frank Gibeau svart med at demografien for slike spel er i stadig auke, og at saman med spel som Army of Two og Crysis, er Gudfaren 2 blant titlane som er under utvikling for å tilfredsstille dei eldre spelarane.

Det første Gudfaren-spelet har blitt lansert til så og seie samtlege plattformer, sist med versjonar for Wii og PlayStation 3 i vår. Spelet set deg inn i rolla til ein handlangar som jobbar for Gudfaren Don Corleone ved å skaffe lojalitet i eit hardt miljø prega av sterk konkurranse mellom forskjellege «familiar».

Det er ikkje offentleggjort nokon detaljar om det neste Gudfaren-spelet, som til dømes lanseringsdato og kva plattformer det kjem til, men vi vil kome tilbake med meir informasjon så snart vi får den.

Siste fra forsiden