Nytt LocoRoco-spel på veg

Det har lenge vore spekulert i om eit nytt LocoRoco-spel vil finne vegen til PlayStation 3. No forteljer Eurogamer at Buu Buu Cocoreccho! by LocoRoco har blitt kunngjort på PlayStation Premiere-messa i Tokyo.

Det nye LocoRoco-spelet blir tilgjengeleg for nedlasting frå PlayStation Network, og vil støtte tilt-kontroll med SIXAXIS-kontrollaren. Foreløpig er det omlag 95% ferdig, men nokon lanseringsdato er ikkje kunngjort.

I LocoRoco på PSP startar du kvart brett med ein liten rund ball, og ved å rotere skjermbiletet vil ballen trille i den retningen du vil. Ved å ete forskjellige frukter, vil ballen vakse seg større og større. Samtidig kan du dele den opp til mange små ballar, slik at du kan kome deg til forskjellige område på brettet. Eit av dei store kjenningsmerka for spelet er dei lystige sangane LocoRocoane syng medan du spelar.

Spelet skal innehalde 200 nye LocoRoco-karakterar i ei heilt ny verd, men om det blir andre nyheiter utover PSP-versjonen er ikkje kjent.

Kommentarer (1)

Forsiden akkurat nå

Til toppen