Nytt om Fallout 3

Computer & Video Games fortel oss at det er mykje nytt om Fallout 3 i siste utgåve av det amerikanske bladet Game Informer.

Se teaser fra Fallout 3

Vis større

Teaser: Fallout 3


På toppen av lista ligg dei første konkrete detaljane om kampsystemet i spelet. Dette har fått namnet V.A.T.S., ei forkorting for "Vault-tec Assisted Targeting System". I essensen er dette eit system som fungerar i sanntid, men med diverse funksjonar som Fallout-spelarar er kjende med.

Dette fungerar ved at du kan pause tida når du måtte ønske det for å velje kvar du vil angripe. Kor mange gongar du kan gjere dette er begrensa med action-poeng. Går du tom for desse, må du vente til dei gradvis kjem tilbake før du kan pause tida igjen. Det same systemet blir brukt av fiendane dine, så du kan rekne med at det ikkje kun er du som knuser kneskåler og andre intime kroppsdelar.

Alt handlar likevel ikkje om kamp. Du kan òg kome deg ut av farlege situasjonar ved å snike deg rundt farlege situasjonar, eller ved å snakke deg ut av trøbbel.

I tillegg introduserar Bethesda eit system for helse og radioaktivitet. Med dette kan du måle kor radioaktivt til dømes vatn og anna føde er. Karma-systemet er òg tilbake, og du kan oppnå mellom ni til tolv forskjellige avslutninger avhengig av korleis du gjennomførar spelet.

Spelet drives av ein oppgradert versjon av Oblivion-motoren, og sidan mange var misfornøgde med tredjepersons-spelinga i Oblivion, har akkurat dette blit forbetra.

Fallout 3 startar med fødselen din. Mora di dør raskt etterpå, og herifrå får du skape karakteren din. Om vi kjenner Bethesda riktig, vil vi få mykje å jobbe med her. Når du er ferdig med dette, vil du få sjå ansiktet til faren din, og du vil kunne sjå tydelege familiære likheitstrekk.

Fallout 3 kjem til PC, Xbox 360 og PlayStation 3 til høsten 2008.

Kommentarer (28)

Forsiden akkurat nå

Til toppen