Nytt om Resident Evil 5

Bortsett frå ein flott trailer kom det ingenting nytt om Resident Evil 5 under E3-messa sist veke. Sakte men sikkert byrjar likevel informasjon å tikke inn. I det siste nummeret av det japanske magasinet Famitsu, har regissør Jun Takeuchi fortalt at du vil spele som Chris Redfield, helten frå det alle første Resident Evil-spelet. I tillegg vil du kunne spele som ei jente vi såvidt kan sjå i E3-traileren.

Capcom vil ivareta fleire element frå det fantastiske Resident Evil 4, som vi gav ni av ti i vår omtale. Blant anna vil spelet behalde synsvinkelen der vi ser over skuldra til hovudpersonen. I tillegg vil ei rekke nye element bli implementert for å gi deg ein solid grøss.

Noko som vil få stort omfang i Resident Evil 5 er lys og mørke. I praksis inneber dette at om du flyttar deg frå sterk sol utandørs, til eit mørkt rom, vil du måtte omstille deg til dei nye lysforholda. Dette betyr at du for ei lita stund vil få synet ditt hemma, noko som vil gjere kampane meir utfordrande sidan du ikkje alltid ser kva du kjempar mot.

Spelet vil i følgje Tekeuchi gi oss nye fiendar som ikkje er zombier, men er ulike fiendane frå Resident Evil 4.

Resident Evil 5 er planlagt for utgjeving seint i 2009.

Kommentarer (21)

Forsiden akkurat nå

Til toppen