Nytt spel frå Blizzard

Dei siste åra har Blizzard Entertainment raskt blitt best for World of Warcraft. Med over sju millionar spelarar, har spelet blitt ein enorm suksess for selskapet som under namnet Silicon & Synapse laga spel som til dømes Blackthorne og Lost Vikings. Seinare skifta dei namn til Blizzard Entertainment, og har skapt dei klassiske seriane Warcraft, Starcraft og Diablo.

I mai kunngjorde Blizzard den etterlengta oppfølgjaren til Starcraft, men dette er ikkje alt Blizzard har på lager for hungrige spelarar. I eit intervju med Gamasutra har Frank Pearce, ein av grunnleggjarane av Blizzard, røpa at dei held på eit nytt spel dei enda ikkje har kunngjort.

– Vi har tre grupper, ei som jobbar med World of Warcraft, ei som jobbar med Starcraft 2, og ei som jobbar med eit nytt prosjekt som vil bli heilt fantastisk, fortalde han til Gamasutra.

Meir enn dette ville han ikkje ut med, men det er ikkje Starcraft: Ghost. Om du er ein av dei som har venta lenge på å få spele dette sideprosjektet i Starcraft-universet, er ikkje alt håp ute. Sjølv om Blizzard for augneblinken ikkje jobbar med Starcraft: Ghost, kunne Pearce fortelje at dei ikkje har gitt opp spelet.

Gamer.no reiser til BlizzCon 3. til 4. august. Dette er Blizzard si eiga messe der dei viser fram spela sine. Om vi er heldige får vi vite meir om dette "fantastiske" prosjektet der.

Kommentarer (65)

Forsiden akkurat nå

Til toppen