Oculus Rift kan bli gratis

Med gode partnerskap kan inngangsbilletten til den nye VR-verda bli billeg.

VR-brillene Oculus Rift har teke spelverda med storm den siste tida. I staden for dei massive og upraktiske VR-brillene frå gamledagar er Oculus Rift eit etter forholda lite apparat hakket større enn dykkarbriller du lett kan feste til hovudet.

Med to linser får kvart auga servert sin eigen synsvinkel, og på denne måten får du eit truverdig bilete som kan transportere deg inn i akkurat den verda du vil. Så langt er Oculus Rift berre tilgjengeleg i ein utviklarversjon som kostar 300 dollar, men i følgje Brendan Iribe frå Oculus-teamet kan denne prisen gå drastisk ned om dei greier å få i gong den rette forretningsmodellen. Til Edge Online fortel Iribe:

Briller til folket

«Ein låg pris betyr eit større publikum. Vi har alle moglege idear. Ein dag skulle vi gjerne sett at den blei gratis, men korleis får vi den så nær gratis som mogleg? Naturlegvis vil den ikkje vere gratis i starten. Vi siktar mot 300 dollar akkurat no, men potensialet for at den kan bli mykje billegare om vi får i gong gode partnerskap og strategiar er definitivt der,» seier Iribe før han held fram:

«Microsoft og Sony kan subsidiere konsollane sine fordi dei tener nok pengar på spel og andre område. Lat oss seie vi har eit spel du spelar med VR-brillene som alle elskar og spelar, og vi tener 100 dollar i månaden, eller berre 10 dollar i månaden. På eitt eller anna tidspunkt blir maskinvara billeg nok, og vi tener nok til å kunne gi bort brillene.»

Utviklarane bak brillene har eit stykke igjen før denne draumen kan bli verkeleg, men om Oculus Rift skulle ta av, er det ikkje ei usannsynleg framtid i følgjer Iribe.

Vi har hatt ein solid kikk på Oculus Rift, og kunne melde om noko heilt fantastisk, til tross for litt kvalme etterdønningar hos vår mann i VR-bresjen.

Les også: Prøv ein giljotin med Oculus Rift Les også: Luftkampi EVE-universet

Siste fra forsiden