Oddworld: New 'n' Tasty lanserast snart på nye plattformer

Om kort tid treng du ikkje PlayStation 4 for å spele plattformklassikaren.

Oddworld: Abe's Oddysee blei lansert for snart 18 år sidan, og blei startskotet for det som skulle bli ein av dei mest unike spelseriane på marknaden. Med særprega og uvanleg desgin gav Lorne Lanning og hans studio oss ei reise inn i ei fantasifull verd som har gjeve oss alt frå sideskrollande plattformeventyr, til westerninspirert action.

I fjor sommar blei Abe's Oddysee lansert på PlayStation 4 i den nye og oppussa versjonen New 'n' Tasty. I den oppdaterte utviklarane ikkje berre grafikken, men og det reint speltekniske for eit moderne publikum.

I dag har Oddworld Inhabitants sendt ut ei pressemelding der dei fortel oss at spelet svært snart blir lansert på andre plattformer. 25. februar blir Oddworld: New 'n' Tasty lansert for Windows, Linux og Mac via Steam. Versjonar for PlayStation 3 og Xbox One vil bli lansert tidleg i mars.

Forbetra på alle måtar

Kan du hjelpe Abe med å gjennomføre ein storstilt redningsaksjon?

I Oddworld: Abe's Oddysee møter vi fabrikkarbeidaren Abe som finn ut at han og hans medarbeidarar skal bli mat for dei slemme sjefane. I spelet skal du gjere det du kan for å redde dei 299 andre arbeidarane i fabrikken, ei oppgåve som byr på ei solid dose utfordringar. Vi meinte New 'n' Tasty var ei stor forbetring over originalversjonen då vi prøvde oss på PlayStation 4-versjonen i fjor:

«Oddworld: New 'n' Tasty tar alt det karakteristiske frå sin 17 år gamle forgjengar og forbetrar det samtidig som kjernemekanikken verkar relativt uendra. Resultatet er eit spel som følest moderne i både form og stil, men som likevel har ein fot godt planta i fortida. Vanskegrada er akkurat passe og gjer opplevinga utfordrande utan å vere direkte frustrerande.»

Oddworld: Abe's Oddysee er ikkje den einaste gamle klassikaren som får vinterlansering i ny drakt. Eventyrklassikaren Grim Fandango lanserast seinare denne månaden.

Siste fra forsiden