Økonomisk skytespel på veg

I skytespelet Black Powder Red Earth kan du selje varer mellom øktene.

Black Powder Red Earth er eit nettbasert skytespel frå Echelon Software som kombinerar hektiske kampar med ein virtuell marknadsplass. Du kan skape deg ein identitet på nettet, og ved å utføre oppdrag vil du tene pengar du kan bruke på å kjøpe nytt utstyr, eller oppgradere det du har.

Teaser: Black Powder Red Earth

Vis større

Teaser: Black Powder Red Earth

Stikkord:
  • action
  • spill
  • pc
  • Black Powder Red Earth


Etter kvart som du stig i gradene vil du praktisk talt kunne starte di eiga forretning. Med denne kan du rekruttere nye spelarar til klanen din, eller du kan selje utstyr til andre spelarar. Dette vil du gjere frå sjølve spelet, eller frå ein nettlesar. Dette betyr at du vil kunne få tilgong til spelet si økonomiske side om det så er frå ein PC eller ein mobiltelefon.

– Spelarane er vande med å skape sin eigen onlineidentitet på sider som Myspace og Orkut, og å selje både virtuelle og ekte varer på sider som Ebay og Amazon. Ved å bruke kjende verkty vil vi lage ei slakk læringskurve, fortel Jon Change, president for Echelon.

Du trer inn i rolla som ein leigesoldat på Mars i året 2043, og vil utføre oppdrag frå forskjellige motståande firma i eit urbant og indistruelt miljø. Echelon har samarbeida med mange tidlegare US Special Operations Forces-medlem for å skape eit intenst og realistisk gameplay.

Black Powder Red Earth blir utvikla for PC. Det er ikkje kjent når det vil bli utgjeve.

Siste fra forsiden