Anmeldelse

Onimusha 3: Demon Siege

Tidsreiser mellom Paris anno 2004, og det føydale Japan er utgangspunkt for den tredje delen av Onimusha-serien. Guildenstern er på ferde igjen, og som eit resultat byttar Jacques Blanc og Samanosuke Akechi plass i historia. Det er på tide med plotthol og forvirring.

Side 1
Side 2

Det er ikkje tvil, Onimusha 3 har den mest imponerande introsekvensen sett i eit spel til dags dato. Om du ikkje har sett klipp får den før, bør du stifte fast haka di, før du let auga dine meske seg i herlegheita. Mesterverket viser Samanosuke Akechi i det han gjer aller best. Ikledd ei ninjadrakt kun Ryu frå Ninja Gaiden kan konkurrere med, let han sine samuraisverd fly gjennom horder av genma. Det heile sluttar med heftige ekplosjonar og ein forbanna Nobunaga, før Samanosuke og den nye helten, Jacques Blanc, tøffer seg litt for deg.

Apokalypse i sakte kino Det er då tanken slår deg, etterfulgt av ei lang stillheit. Omtrent i same hendelsesforløp som når du har vandra inn i ein gåvebutikk og presterar å rive ned glasvasen til 3498 norske kroner. Er dette kun ein flott filmsekvens, og eit kjent namn blandt tilhengjarar av kult-klassikarar? Det følest nesten for storslagent. Ikkje nok med absurbe skjelettkrigarar med fire bein, men no skal vi hente inn ein barsk Jean Reno på motorsykkel, og sende han fem hundre år tilbake i tid, til Japan. Ikkje er det pre-rendrerte bakgrunnar heller. For første gong er alt i 3D. Høyrest ikkje dette litt for mykje ut som å fullstendig strippe ein serie med spel frå det som gjorde den interessant?

Det viser seg ganske raskt at vi eigentleg ikkje har noko å frykte. Sjølve identiteten til Onimusha er godt bevart. Historia er like latterleg og gravalvorleg som alltid, men det er i sjølva action-sekvensane Onimusha 3 viser si styrke. Kamp har aldri vore betre, noko du for alvor vil legge merke til når Jacques får sitt første våpen. Jacques er ikkje ein tradisjonell mann, og heller ikkje japanar, derfor er det klart at han gjer ting på sin eigen måte, med pisk (originalt, ikkje sant?). Det er kanskje litt paradoksalt at dei mest underhaldande delane av Onimusha 3 skal kome i form av ein franskmann. Det er noko befriande med å kunna fange genma med piska, skyte nokre kuler i skallen på han, før du kastar han tvers over rommet. Det høyrest kanskje ikkje slik ut, men det følest nytt og friskt.

Det tek ikkje lang tid å innsjå at å spele som Jacques er ei mykje meir givande oppleving enn å traske rundt i kloakken i Paris som Samanosuke. Kvifor er det slik? Litt av grunnen kan nok vere at etter å ha laga nokre spel om Genma og Japanske samuraiar har det å hente inn ein franskmann med pisk opna nye kreative dører for teamet bak serien. Det merkast godt. Måten du må løyse gitte problem på, er meir underhaldande med Jacques. Samanosuke har i byrjinga berre stengde dører og relativt tradisjonelle Paris-problem å forhalde seg til. Riktig interessant blir det likevel ikkje før du må sende den vesle fea Ako fram og tilbake gjennom tid, for å til dømes sende viktige gjenstandar melom Jacques og Samanosuke. Det oppstår nokre interessante situasjonar, riktignok ikkje heilt frie for tidsmessige plotthol.

Dårleg utnytta potensiale Heile dette opplegget med å reise i tid opnar sjølvsagt for mange nye moglegheiter, men samtidig opnar det for ei uønska problemstilling. Kvifor har dei ikkje utnytta moglegheitene ved å reise i tid betre? Kvifor er dei einaste tidsmessige inngrepa du gjer baserte på å sende ein gjenstand tilbake i tid for å opne ei dør? Det hadde gjort seg med andre innslag av kreativitet enn å måtte opne ei dør i fortida, fordi den er stengt i framtida. Det positive med tidsreisene er at vi får større dramatikk i bytte mellom dei to hovudpersonane. Capcom har gjort ein god jobb i å bytte mellom Samanosuke og Jacques når det er mest spanande.

Den vesle fea eg nemnde tidlegare har også ein viktig funksjon. Ved å kle på ho forskjellige vestar kan du få forskjellige oni-krefter. Enten det er meir energi frå døde fiendar, eller å regenerere helse når du står i ro. Det er ikkje så mykje å velje mellom, men det kan raskt bli ein viktig del av spelet. Ho har også ein anna praktisk funksjon som sparar deg for ein del bry. I staden for å måtte gå til kvar bidige kiste eller gjenstand, vil Ako plukke desse opp for deg, og bringe dei til deg.

Kor forskjellig er eigentleg Onimusha 3 frå andre action-spel i tredjeperson? Ikkje frykteleg mykje. Strengt talt følest det som eit heilt stereotypisk action-spel. Det er ikkje frykteleg mykje særeige ved Onimusha 3, men det er utført overraskande bra. Kontrollane er presise, og det går i eit svært høgt tempo når du først er i gong. I tillegg kan du etter kvart bygge opp oni-kraft, som lar deg omforme til ein überkriger ved eit trykk på R3. Midt inn i all denne herjinga er det godt å vite at du har eit kamera som følger med på kva du gjer, i staden for å leve sitt eige liv. I visse område blir du likevel nødt til å lide litt.

Side 1
Side 2

Siste fra forsiden