Sniktitt

Onimusha: Dawn of Dreams

Onimusha: Dawn of Dreams markerar på mange måtar ein ny start for serien. Denne gongen er det ingen tidsreiser, og spelet fokuserar heller på å vere eit tradisjonelt japansk eventyr. Mange har nok fått med seg at Onimusha: Dawn of Dreams skal fokusere enda meir på kamp enn før, og tone ned eventyr-elementa. Akkurat dette kunne produsent Yoshinori Ono avkrefte som eit godt etablert rykte. På mange måtar vil Onimusha: Dawn of Dreams forstekre eventyrelementa, til dømes ved å introdusere samarbeid mellom to karakterar, og moglegheita for å rotere kameraet.

- Grunnen til at du kan bevege kameraet er at vi vil at spelaren skal utforske, finne sjeldne gjenstandar osv. Om kameraet er låst, kan du ikkje ta ein nærmare kikk, det kan du no. Tradisjonelt sett har Onimusha hatt ein mot ein kampar. I denne utgåva ville vi introdusere nye element, som eventyr og utforskning osv. Utifrå kva som ville passe for Onimusha-verda, kom vi fram til idèen med to samarbeidande karakterar. Ein karakter kan ikkje gjere alt aleine, men med hjelp frå ein anna karakter kan vi introdusere nye og spanande designelement, forklarar Ono.

To karakterar får også betydning for kampane. I testversjonen vi fekk anledning til å prøve kunne du styre den eine, medan den andre var kontrollert av kunstig intelligens. Når som helst kan du skifte mellom desse, noko som raskt kan bli nyttig, sidan alle har sine forskjellige sterke og svake sider. Du kan også fyre av kombo-angrep begge karakterane deltar i, noko som verkeleg er eit syn å få med seg. Samtidig vil det også bli mange nye våpen.

- I Onimusha 3: Demon Siege hadde karakteren to eller tre våpen du kunne oppgradere, men det var så og sei alt. Denne gongen har vi fem forskjellige karakterar med forskjellige personlegheiter og ferdigheiter, og kvar karakter har fleire våpen. Vi snakkar om tjue, tredve, kanskje femti våpen, og etter å ha funne sjeldne gjenstandar kan du kombinere våpen, og resultata vil bli veldig forskjellige, forteljer han.

Større fokus på japansk atmosfære
Med Onimusha 3: Demon Siege, prøvde Capcom å rette spelet mot eit vestleg publikum, blant anna ved å introdusere Jean Reno i rolla som Jacques Blanc. Med den store populariteten japansk og østleg kultur har sett dei siste åra, vil vi ikkje finne slike element i Onimusha: Dawn of Dreams. Yoshinori Ono kunne fortelje oss at det er vanskeleg å vite kva som appelerar for eit vestleg publikum:

- Med Onimusha: Dawn of Dreams bestemte vi oss får å gå tilbake til røtene. Vi vil fokusere på ei japansk setting, og spelet si handlinga er satt 16 år før onimusha 3: Demon Siege. Dette er eit japansk spel, og eit samurai-spel. Spelet går tilbake til Japan, japansk tradisjon, atmosfære og estetikk.

- Med den nye Onimusha-serien såg vi at vi måtte gå tilbake til utgangspunktet; eit japansk samurai-spel, enkelt og greit. Vi kjem ikkje til å rote rundt med tidsreiser og sånt. Det vil bli basert rundt Kyoto og Osaka rundt slutten av 1500-talet. Vi må likevel advare mot at det er ein spansk karakter, men det er ikkje for å appelere til det spanske publikumet. Rundt det tidspunktet var det opna handelsruter frå Japan til Portugal og Spania, det er eit historisk faktum, og vi prøvar å gjere det så historisk korrekt som mogleg.

Ono kunne fortelje oss at dette spelet er noko han har det veldig moro med:

- Med Onimusha: Dawn of Dreams går vi tilbake til røtene, men det er på ingen måte ei gjenskaping av Onimusha 1. Vi finn nye element som to karakterar og rollespel-element. Samtidig byr det nye kameraet på større moglegheiter for å utforske. Vidare kunne han fortelje oss at dette er ein ny start for serien, og at det einaste presset han eigentleg føler akkurat no, er deadline.

Heilt til slutt ba vi Ono fortelje deg kvifor du bør kjøpe Onimusha: Dawn of Dreams:

- Onimusha serien byrja for ca. sju år sidan, det er ei stund sidan, og mange spelarar som var unge på den tida blei kjende med serien. Grunnen til at vi ikkje ville kalle dette spelet Onimusha 4, men heller bestemde oss for namnet Dawn of Dreams, er at vi vil få tak i unge spelarar som aldri før har prøvd Onimiusha. Vi vil gjere det lett for dei å finne serien for første gong. For dei som har spelt gjennom serien vil det uansett vere ting å kjenne igjen, som nye spelarar ikkje vil legge merke til. Denne versjonen av Onimusha vil vere passande for alle spelarar, både nye og eldre. Det vil bli veldig moro for alle, og vi gledar oss til å la alle prøve det.

Vi kan ikkje gjere anna enn å ta Ono på ordet, og takke for praten. Onimusha: Dawn of Dreams byr på meir solid action godt blanda med eit fengslande eventyr. Det er ingenting som tilseier at dette ikkje skal leve opp til standaren dei tidlegare spela har satt.

Kommentarer (0)

Forsiden akkurat nå

Til toppen