Open Neverwinter-beta rett rundt hjørnet

I slutten av månaden kan alle som vil prøve det nye MMO-spelet.

Namnet Neverwinter sender umiddelbart tankane tilbake til Neverwinter Nights frå BioWare. Det komande MMO-spelet Neverwinter har derimot lite til felles med BioWare sin klassikar. Likskapane både startar og sluttar med at begge spela har utgangspunkt i byen Neverwinter frå Dungeons & Dragons-universet Forgotten Realms, og er basert på Dunegons & Dragons-regelsetta.

Denne gjengen er klar. Er du?

Neverwinter blir eit actionfokusert MMO som styrer unna dei velkjende kontrollmekanismane mange MMO-spel byr på. Samtidig blir det gratis å spele. Naturlegvis betyr dette at spelet vil kome med mange ulike mikrotransaksjonar du kan bruke pengane dine på. All progresjon i spelet vil likevel bli gratis, og eventuelle utgifter du måtte ende opp med vil kome i form av ting som styrkedrikkar og kosmetiske endringar.

Spelet har vore i ein lengre betafase allereie, men no har utviklaren Cryptic og utgjevaren Perfect World Entertainment i ei pressemelding kunngjort at ein open betaperiode vil starte 30. april, og du kan melde deg på via spelets nettstad. Då vil alle som vil kunne laste ned spelet for å prøve seg som heltar i den velkjende Forgotten Realms-verda.

Som takk til dei som har vore med på å teste spelet ei stund vil den fjerde lukka betafasen starte 12. april, og den vil vare i 60 timar. Her vil spelarane få prøve seg på dei fire yrka Leadership, Mailsmithing, Platesmithing og Leatherwork.

I samband med kunngjering av den opne betafasen har Perfect World Entertainment lagt ut ein video som gir eit overblikk over kva spelet har å by på. Den kan du sjå nedanfor.

Les også: Spillerdrevet MMO fra Mythic-veteran Les også: TERA blir gratis

Siste fra forsiden