Over og ut for sverdkampspel

Forfattar Neal Stephenson har gitt opp sverddraumen.

Om du er ein av dei som har hatt store ynskje om å få spele eit realistisk sverdkampspel, bør Clang ha vore høgt oppe på lista di. Dette spelet samla inn over 500 000 dollar på Kickstarter etter store lovnader om å by på noko heilt anna enn forenkla og urealistiske kampsystem. Clang såg tidleg ut til å ende opp som ei Kickstarter-suksesshistorie.

Slik skulle det likevel ikkje gå. For ganske nøyaktig eit år sidan kom meldinga om at utviklarane hadde gått tomme for pengar. Utviklarane hos Subutai sleit med å få tak i seriøse investorar, og kunne ikkje lenger jobbe med spelet på heiltid. I staden måtte alt vidare arbeid gjerast på fritida. Subutai klarte likevel å få lansert ein prototyp før dei stogga utviklinga.

Over og ut

f662c7f7871a635ecd6f6f1a641aa727_large.

I går kveld kom den endelege beskjeden frå Neal Stephenson. Clang er dødt. Etter Neal Stephenson sitt syn var Clang-prototypen innovativ, men ikkje særleg underhaldande. Stephenson fortel i ei Kickstarter-oppdatering at det er fleire grunnar til det:

«Mykje var utanfor vår kontroll, men eg må ta ansvar for å kanskje ha fokusert for mykje på å vere historisk korrekt, og for lite på å gjere det moro nok.»

Clang skulle etter den opphavelege planen fokusere på kampar der to spelarar møttest til dyst. Kvar spelar ville bruke rørslekontrollar for å styre sverda sine, og utviklarane hadde planar om å lage ein eigen rørslekontrollar spesialdesigna for sverdkamp.

Neal Stephenson er hovudsakleg forfattar, og Clang ville ha vore hans første spel. Han er best kjend for bøker som Snow Crash of The System of the World.

Du treng ikkje miste alt håp om du er på jakt etter realistiske middelalderspel. Tidleg i år hadde Daniel Vávra, hovudmannen bak originale Mafia, stor suksess på Kickstarter for å lage rollespelet Kingdom Come: Deliverance. Forhåpentlegvis har dei utviklarane større fokus på at det er moro, enn at det er realistisk, slik at dei ikkje går i den same fella som Stephenson.

Siste fra forsiden