Over og ut for vampyr-MMO

EVE-studioet CCP har skrinlagt sitt World of Darkness-spel.

For åtte år sidan slo CCP – det islandske selskapet bak EVE-spela – seg saman med White Wolf Publishing. White Wolf har stått bak det populære rollespeluniverset World of Darkness, og er beste kjende for rollespelbøkene til Vampire: The Masquerade. Dette rollespelet har har tidlegare blitt digitalisert i form av glimrande Vampire: The Masquerade – Bloodlines.

Bloodlines har etter si noko problematiske lansering fått kultstatus som eit særs godt rollespel som diverre var ganske uferdig. Difor har gleda vore stor blant mange vampyrentusiastar sidan CCP sidan samanslåinga har jobba med eit World of Darkness-MMO.

Spelet skulle by på ei stor og opa sandkasseverd, og i likskap med EVE Online skulle spelarane kunne store store delar av økonomien. I tillegg til vampyrar var planen å inlkudere andre World of Darkness-skapningar som varulvar, magikarar og vandøde.

Blei ikkje bra nok

Konseptbilete frå World of Darkness.

I dag kom beskjed om at World of Darkness er dødt. Spelet blei i hovudsak utvikla hos CCPs studio i Atlanta, der 56 tilsette har mista jobben. Andre tilsette skal ha blitt flytta over på andre prosjekt.

I ei oppdatering på CCPs nettsider forklarar CCP-sjef Hilmar Veigar Pétursson kvifor han har valt å avslutte utviklinga:

«Å kansellere World of Darkness-prosjektet er ei av dei vanskelegaste avgjerslene eg nokon gong har vore nøydd til å ta. Eg har alltid elska tanken på ei sandkasseoppleving i World of Warkness-universet, og i fleire år har eg sett korleis teamet lidenskapleg har jobba for å få dette til.»

«Eg er verkeleg lei meg for at vi ikkje klarte å levere den opplevinga vi ville skape. Vi drøymde om eit spel som ville ta deg med til World of Darknes-verda, men måtte til slutt innsjå at innsatsen vår beklagelegvis ikkje strakk til. Ein dag håpar eg vi kan gjere det godt igjen.»

CCP er ikkje dei einaste som har bygd MMO i mørke univers. Norske Funcom lanserte for to år sidan konspirasjonsrike og mystiske The Secret World.

Siste fra forsiden