(Bilde: Codemasters)

Overlord gjenoppstår som samarbeidsspel

Kan du bringe vondskapen tilbake til verda?

For ganske nøyaktig ein månad sidan fortalde vi om at Codemasters byrja å hinte om at eit nytt Overlord-spel kunne vere i vente. Om du ikkje hugsar Overlord, er det ein serie med actionspelspel der du skal ta på deg rolla som ein slem Overlord som skal sende undersåttane sine rundt i verda for å kverke alt det gode.

Torsdag har Codemasters sendt ut ei pressemelding der dei har stadfesta at eit nytt Overlord-spel er på veg. Dette blir derimot langt frå eit Overlord-spel slik vi kjenner det. Dei gamle utviklarane hos Triumph er borte, og det nye spelet Overlord: Fellowship of Evil blir i staden utvikla internt hos Codemasters.

Saman mot det gode

I Overlord: Fellowship of Evil må du slå tilbake det gode, her representert med fargerike blomar.
I Overlord: Fellowship of Evil må du slå tilbake det gode, her representert med fargerike blomar. Bilde: Codemasters

Der Overlord-spela var i tredjeperson og gav deg kontroll over grupper med små krek, er Overlord: Fellowship of Evil eit spel med fokus på direkte kamp. Sidan Overlorden frå dei tidlegare spela er slått, tek vi i staden på oss rolla som ein av fire Netherghûls. Frå eit fugleperspektiv kan fire spelarar slå seg saman om å bekjempe dei gode maktene som no har tatt over verda.

Codemasters byr ikkje på mange detaljar om kva vi har i vente, men fortel at spelet kan spelast aleine, eller saman med andre på ein skjerm, eller over nett. Du vil kunne ta i bruk både fysiske våpen, magi, samt diverse undersåttar for å sigre mot fiendane, eller for å vere stygg mot venene dine.

Historia er det atter ein gong Rhianna Pratchett – dottera til nyleg avdøde Terry Pratchett – som står for. Rhianna Pratchett jobbar for tida også med Xbox One-eksklusive Rise of the Tomb Raider.

Ein konkret lanseringsdato for Overlord: Fellowship of Evil er ikkje stadfesta, men det vil blir tilgjengeleg på PlayStation 4, Xbox One og Windows i løpet av året.

 

Kommentarer (8)

Forsiden akkurat nå

Til toppen