Sniktitt

Overlord

OK, eg skal prøve å forklare dette sakte slik at alle får det med seg. Du er ond.

Det spelar eigentleg lita rolle at du snart vil springe rundt i eviggrøne eventyrskogar der vakker musikk dansar salsa med fuglekvitteret frå tretoppane. Det har veldig lita betydning at sauene hoppar harmonisk over bakketoppane medan blomane svaiar i vinden. At bekken sildrar like hypnotisk som ei hulder på kanten av ein foss, er ganske irrelevant i det du kjem med ein pøbelgjeng for å voldta heile skiten. Respekt? Kven pokker bryr seg vel om respekt? Har det bein å gå på, er det din livsrett å kappe dei av.

Se teaser fra spillet

Vis større

Se film fra spillet

Stikkord:
  • action
  • spill
  • xbox 360
  • pc
  • Overlord


Du er ein fyrste av mørket. Ditt sinn er svart som ein vinter i nordnorge, og kleda hadde passa godt inn i ein sadomasochist-klubb frå middelalderen. Metall, piggar, og auge som lyser fram mellom dei smale sprekkane i den skitne hjelmen din. Du er ganske så fryktingytande, og det hadde vore eit perfekt bilde frå ein George R. Martin-roman, om det ikkje hadde vore for alle desse brune gnottane som spring mellom beina på deg. Du er fyrste, dei er dine undersåttar, og dei gjer kva du måtte be dei om. Dei hoppar gladeleg i eit flammande hav om du skulle ynskje. Dei er veldig lojale.

Fable Keeper

Du er ein mektig skapning frå det ravnsvarte mørket, og din misjon er å oppnå makt. Beksvart og fryktingytande makt. Ved å maltraktere det som skulle stå i vegen for deg, vil du sakte men sikkert restaurere tårnet som er din heim. I startfasen er det ein patetisk ruin som ikkje er ein fyrste verdig, men etter kvart som du gradvis fyller det opp med fangehol, smie for svarte våpen, og ei elskerinne eller to, blir det omforma til eit svart hol du kan kalle ein heim. For å nå dette punktet må du utføre oppdrag, og kontrollere ein rabiat gjeng med pirajaer på to bein. Det heile er som ei bisarr krysning mellom Fable og Dungeon Keeper.

Overlord er eit action-eventyr som ikkje er heilt lett å plassere. Du har ein "helt" med eit begrensa utval av ferdigheiter, men spelets store stjerner er dei forskjellige goblin-variantane spelet byr på. Du spring rundt som i eit typisk action-eventyr, men der du elles ville ha styrt kameraet, styrer du no denne tornadoen av spisse tenner gjennom landskapet. Du treng aldri fortelje dei kva dei skal gjere, kjem dei over noko som kan øydeleggjast, så gjer dei det.

Kunsten å vere ond

Du brukar goblinane til så og seie alt. Om du støter på fiendar, sender du gjengen på dei. Ser du sauer, kassar eller eit eller anna som kan øydeleggjast, sender du goblinane på dette òg. Antalet du kan ha stig etter kvart, og om nokon skulle døy, er det mange portalar rundt om i spelet du kan bruke til å hente fram nye. Ein viktig ingrediens i denne kaka er at du må drepe noko levande for å få nye goblinar. Alt som dør etterlet seg ei lysande kule i enten gult, raudt, blått eller grønt. Kvar farge har betydning for ein type goblin. Ei gul kule vil la deg hente fram ein brun goblin, som er den mest typiske forma, medan dei andre fargane lar deg hente fram litt meir avanserte variantar.

Til dømes kan du få fram raude variantar, og desse goblinane kastar ildkuler på fienden, noko som kan kome godt med om du ikkje har lyst til å sende frem alle fotsoldatane. Om du vil kan du setje ei gruppe til å stå på ein spesiell plass. Dette kjem godt med om du vil halde dine raude vener unna fienden, medan du sjølv går inn for å kløyve avskummet i to. Dei forskjellige goblinane kjem óg til nytt når du møter forskjellige sperringar i verda. Til dømes er det kun dei blå goblinane som kan krysse vatn utan å drukne med skrik og vræl undervegs. Akkurat dette er nok noko du vil la dei gjere uansett, sidan du er ond og likar å sjå dine undersåttar skrike i panikk.

Drap gjer meister

Det er aldri eit problem å alltid ha ei solid hær, sidan du konstant får nye forsyningar med farga kuler. Problemet med å miste ein goblin, er at dei blir sterkare etter kvart som dei drep fiendar eller øydelegg ting. Om du knuser eit eller anna av metall, kan ein goblin plukke opp ein bit for å bruke som hjelm, medan drepte fiendar kan leggje frå seg våpen. Om du knuser nokre graskar, vil du raskt finne ein goblin eller to med ei flott ny maske. Om nokon dør, må du finne nye ting å utruste dei med. Dette er ikkje eit stort problem, sidan det er nok av ting å plyndre i spelet, men det kan være litt dumt å miste alle dei flotte folka dine på grunn av ein dum feil.

Uansett kor moro det skulle vere å sveipe over landet med goblin-krigarar, er det humoren som ser ut til å bli spelet si definitivt sterkaste side. Frå små kommentarar frå goblinane – som den gottande latteren når du brenn ned noko – til den absurde varianten med blodtørstige hobbitar, er det alltid noko som kan få deg til å le. Den flotte grafikken og den særdeles passande musikk gjer og sitt til å setje deg inn i den gode stemninga du får når du er ein mannevond fyrste i eventyrland. Den grafiske stilen sender tankane raskt i retning av Fable, på ein veldig positiv måte. Det er så stappfullt av detaljar overalt, at det er vanskeleg å ikkje bli fascinert. Det er så pent at gleda av å rive ned det du kan blir enda større.

Les også
Anmeldelse:

Konklusjon

Overlord ser ut til å kunne bli ei av årets store overraskingar. Spelet byr på ein absurd spelestil som presterar å skape den gode kjensla av at du berre spele litt til. Den uferdige versjonen vi har fått slå klørne i har ein del tekniske problem, men for det meste er dei av ein så opplagt natur at det bør vere luka ut før spelet når butikkhyllene i juni. Forutsatt at alt er oppe og går til sommaren, bør du forberede deg på å le litt meir enn du pleier. Overlord byr på ei herleg eventyrverd der steinhard britisk aksent fyller øyra dine med skrik frå dei stakkars pakka som vågar å stå i vegen for deg. At du for ein gongs skuld endeleg kan lage kjøtdeig av Frodo og hans likemenn, plagar meg ikkje så mykje heller.

Siste fra forsiden