Owlboy-studioet med musikalsk minispel

Norske D-Pad Studio slår seg saman med electroartisten Savant.

Over nokre år no har bergenske D-Pad Studio hausta solide doser merksemd for spelet Owlboy. Spelet er ikkje ferdig enno, men den lekre retrografikken og det lovande gameplayet du kan prøve sjølv i ein demo av litt eldre dato, har sørgja for at dei likevel har bygd seg opp ein solid fanbase.

I sommar har dei derimot tatt seg ei pause frå prosjektet sitt for å fokusere på noko heilt anna, fortel dei oss i ein mail. Dei har nemleg slått seg saman med den norske artisten Savant som herjar innanfor diverse elektroniske sjangrar som glitch hop og dubstep.

Pikselert moro

30 juli lanserer dei Savant Game for å feire Savant sitt sjuande album Cult. Vi veit ikkje så mykje om kva spelet vil by på, men ut av traileren dei har sendt oss ser det ut til å bil eit temmeleg actionfokusert spel som byr på meir av den pikselerte grafikken D-Pad Studio har gjort seg kjende for. D-Pad-artisten Simon har tidlegare stått bak fleire plateomslag for Savant.

D-Pad Studio sitt venskap med Savant går langt tilbake i tid. Ein av utviklarane på D-Pad-teamet møtte Savant før D-Pad Studio blei etablert, og dei har samarbeida over lengre tid på diverse «hemmelege» småspel. Alle prosjekta deira har derimot ikkje vore like hemmelege. Savant har til dømes laga musikken til D-Pad Studio sitt førre spel Vikings On Trampolines.

Spelet blir lansert på AppStore, PlayStore og PC 30. juli, og når det er gjort vil dei halde fram arbeidet med Owlboy som etter planen skal lanserast til hausten.

Les også: Intervju med Owlboy-gjengen
Les også: Syv millioner til norske spill

Kommentarer (2)

Forsiden akkurat nå

Til toppen