Anmeldelse

Panzer Dragoon Orta

Du har kanskje sett eit bilete frå Panzer Dragoon Orta. Det ser ut som eit typisk flyspel, rakettar, lys og ild i alle retningar, men det ser ikkje spesielt ut, bortsett kanskje frå dragen i midten av skjermen då. Meir feil går det ikkje an å ta. Det som først og fremst skiljer Panzer Dragoon Orta (frå no av PDO) frå andre flyspel er at du ikkje har friheita til å fly kvar du vil på kartet. Du er låst fast på ”skinner” og vil så og seie alltid køyre same løypa gjennom eit brett kvar gong du spelar det. Om dette høyrest forferdeleg kjedeleg ut, så ta det med ro, sjølv om du ikkje styrer dragen i nevneverdig grad så trekk ikkje det ned opplevinga i det heile tatt. Fokuseringa her er lagt på å skyte ned alt som bevegar seg, og du får poeng for treffsikkerheit og effektivitet. Desse poenga kan brukast til å låse opp mange underhaldande godbitar, noko vi skal ta ein nærmare kikk på seinare. Som sagt styrer du ikkje dragen sjølv, men det vil ikkje sei at du er heilt utan kontroll over den. Du kan bruke høgre analogstikke for å unnvike inkomande rakettar og andre prosjektil, noko ofte kan bli nødvendig i eit spel der det ikkje går mange sekundane mellom kvart angrep.

I tillegg kan du bruke den begrensa kontrollen du har over beistet til å kome deg inn på alternative løyper i banene. Ein anna viktig detalj i dette spelet er korleis du ved å trykke inn ryggknappane kan rotere kameraet rundt dragen din, sidan du konstant blir angripen frå alle kantar er det heilt nødvendig å lære seg bruken av desse knappane så tidleg som mogleg, for PDO kastar ikkje vekk tid på å innføre deg i spelet. Derfor er det ein god idè for dei fleste å gå gjennom vegvisarane som du kan finne frå startmenyen, for når du startar opp spelet blir du kasta inn i det med ein gong. Etter ein introsekvens der du finn Orta innelåst i ei celle, berre for å bli redda av ein stor og ikkje minst stygg drage, finn du deg brått susande ned ein tunnell med ein flokk mindre venlege dragar bak deg. Spelets noko forutsigbare og klisjeridde historie blir fortalt ved hjelp av filmsekvensar og ein person som fortel historia på PDOs eige fiktive språk.

Ta til vingene sa dei, sjå verda sa dei
Noko nytt i Panzer Dragoon-serien er at dragen din no kan skifte form. Du har ei standardform, Base Wing, som gjerne blir brukt mykje i byrjinga. Etter kvart som ein kjem inn i spelet, og forstår mekanikken betre vil ein oppdage at alle drageformene har sine svært viktige område, og at alle formene ikkje passar til alt. Når du skal skyte ned dei store fiendane som er tungt væpna er det Heavy Wing som gjeld. Denne forma er tung og treig, men har kraftige våpen. Særleg egna til nærkamp med små, raske skip er den derimot ikkje. Den siste forma du har å velje mellom er Glide Wing, om du skal i nærkamp er dette forma å velje. I motsetning til dei andre to formene har ikkje denne forma rakettar, kun eit skytevåpen. Både Base Wing og Heavy Wing har varmesøkande rakettar, i tillegg til ein enkel skyter for å ta ned flygande prosjektil som kjem for nærme.

For å fyre av ein rakett må du halde inne A-knappen for å søke inn eit mål. Base Wing kan skyte ut ganske mange rakettar samtidig, og fungerar bra så lenge det er små fiendar du har med å gjere. Om du møter større beist bør du derimot skifte til Heavy Wing. Heavy Wing skyter færre rakettar, men gjer desto større skade. Så kva gjer du om du har både store, kraftige fiendar og små, raske flygarar? Det er her det mest geniale konseptet med dei tre drageformene kjem inn. Ved å trykke på Y-knappen kan du raskt skifte mellom dei ulike formene. Om du må svinge unna rakettar, skyte ned fiendar, og sende avgårde nokre kraftige rakettar på kort tid, kan alt gjerast raskt og enkelt ved å trykke på denne knappen. Transformeringa i seg sjølv er eit syn for såre auge. Dragen trekk seg saman og dannar nye kroppsdelar som om det var den mest naturlege saka i verda.

Dessverre hoppar vanskelegheitsgrada i PDO opp og ned som ein berserk pingpongball. Nokre brett kan vere som søndagstur i parken med familien, medan andre er som søndagstur i parken med familien, ramma av ein tornado. Visse fiendar og sluttsjefar er svært lette å forstå, og når du først har forstått kva som skal til, er det berre å skyte, svinge unna, og skyte igjen, heilt til denne er daud. Hovudproblemet med slike fiendar er at det kan verke som ei evigheit å bli ferdig med dei. Andre fiendar kan derimot sende ut så mange skudd og rakettar, i eit så høgt tempo at det ved første augekast kan verke som ei umogleg oppgåve å bli ferdig. Heldigvis blir du ferdig, PDO er bygd opp i kjend plattformskytestil, og der skal det vere visse innslag av slike fiendar som nesten får deg til å rive av deg håret, rett før du finn det enkle svaret, og kan begi deg ut på neste brett.

Panzer Dragoon Orta Xbox Xbox

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 21. mars 2003
  • Plattform: Xbox
  • Utvikler: Smilebit

Forsiden akkurat nå

Til toppen