Sniktitt

ParaWorld

Var du ein av dei som kunne namnet på absolutt alle dinosaurar i dine yngre år? Då kan du glede deg til ParaWorld.

ParaWorld er eit action-fokusert strategispel i sanntid som lar deg leike deg med dinosaurar og andre fortidsdyr. Utviklarane hos SEK har lagt fokusen på kamp, og vil gjere den strømlinjeforma og lettfatteleg. Gjennom seksten oppdrag i fem forskjellige klimasoner får du bygge opp ei hær, sende dei ut i krig, og vise alle andre kven som las alle dinosaurbøkene i barndomen.

Det er ikkje berre dinosaurar i spelet, historia handlar om tre menneske som endar opp i ei ganske så alternativ verd, og i denne verda finn du menneske og dyr frå fjern fortid som lev saman. Ved å fange dinosaurar, kan du bruke dei som levande stridsvonger, og det gir eit ganske velkoment alternativ til hærskaren av schi-fi- og fantasy-spel der ute.

Strategispel er det mykje av i butikkhyllene, og av og til kan det være vanskeleg å forstå kva meir som kan gjærast med sjangeren. SEK har valt å konsentrere spelet rundt eit begrensa antal med einheiter. Du kan ha maksimalt femtito av dei, og dette er gjort for at du skal kunne konsentrere deg om kamp - ikkje stresse med byen eller ressursene. Du har likevel ein base, og du har arbeidarar som må samle inn det du treng for å bygge opp ein by, men det er ikkje her du kjem til å bruke tida di. ParaWorld handlar om å utforske kartet, og å ta del i kampar.

Innovativ kontroll

SEK har presset inn ei rekke innovative element til kontrollsystemet. Det aller viktigaste er eit panel på venstre side av skjermen. Her får du opp alle einheitene dine. Du kan velge ein av dei, alle, eller ein spesiell type. I tillegg kan du arrangere dei på panelet slik det passar deg best. For å gjere spelet enda meir oversiktleg vil du også få sjå om til dømes ein arbeidar ikkje gjer noko for tida. Om så er tilfelle er det berre å klikke på han, og gi han ei ordre.

Noko ein vil legge merke til på dette panelet er at det er fullt av ruter. Ruter der einheitene dine vil dukke opp. Det er fem nivå på desse, og desse viser kor sterk ei einheit er. Til dømes vil alle starte på nivå ein, men ved å forfremme dei vil dei klatre oppover. Det blir færre ruter per nivå, og på toppen har du kun plass til ei einheit. SEK vil ikkje at spelet skal ende opp som ei Warcraft 3-klone der du kun har ein helt som går opp i erfaringspoeng, medan alle andre einheiter forblir dei same. Derfor har dei innført eit promoteringssystem der du kan velje å forbetre akkurat dei du vil. Ein hendig funksjon ved forfremning er at ein krigar til dømes vil få full helse. I tillegg blir dei sterkare, og dette blir synleg på modellane i form av nytt og kraftigare utstyr.

Dette kan få mykje å sei i ein kamp. Det er viktig å ta vare på soldatane dine, og om du ser at ein kraftig krigar er i ferd med å dø, kan du promotere denne for å behalde den, og samtidig gjere den betre. Det blir litt meiningslaust å promotere nokon med full helse om soldatar er nær døden. For å promotere nokon må du ha hovudskallar, ein ressurs i spelet. Du får desse kvar gong du drep noko. Om det skulle være ein fredeleg planteetar eller ein agressiv tyrannnosaur, vil du få skallar for begge. Du får flest skallar for å drepe fiendar, men du treng mat til byen din, og ved å drepe ein planteetar får du begge deler.

Ved sidan av panelet vil absolutt alle ferdigheitene til samtlege av einheitene du har valt dukke opp. I staden for å måtte bla gjennom ei gruppe med soldatar for å finne den som har akkurat det angrepet du er på jakt etter, kan du velge alle soldatane dine samtidig, og klikke på ikonet for det du vil ha når behovet kjem.

Vakre dinosaurar

SEK har bygd sin eigen grafikkmotor for spelet, og stolte som dei er av den, går den under namnet "Best Engine". Ein ting er i alle fall klart, og det er at den er veldig godt eigna til å framstille dinosaurar. Det er femti rasar i spelet, og trettifem av desse er dinosaurar. Dyra i spelet bevegar seg stort sett veldig overbevisande. Du kan sjå korleis heile kroppen bevegar seg, og det er eit veldig overbevisande syn. Det einaste som trekk litt ned er menneska og vissse tobeinte dinosaurar, som kan bli litt stive i ledda. Ein artig detalj er at einheiter har avsluttningsmanøver. Om du til dømes har nokre få menneske, og endar opp i kamp med ein kjøtetande allosaur, vil denne kaste menneska opp i lufta og behandle dei som velsmakande leiketøy når han drep dei.

Les også
Anmeldelse:

Når du utforskar forskjellige område i ParaWorld, vil du ikkje møte tåke slik du kjenner den. Den er til stade, men i staden for å gøyme heile kartet, er den ei tåke som ligg utover området som elles er fullt synleg. Dette gjer det mogleg å utforske eit landskap før du bevegar deg inn i det. I tillegg har spelet ein full natt- og dag-syklus. Om dagen er alle våkne og alt er som i eit typisk strategispel, men om natta forandrar det seg. Dinosaurar og andre dyr legg seg til å sove, slik at du kan snike deg forbi dei om du vil. Det er likevel ikkje heilt ufarleg, sidan fleire dyreartar får betre syn om natta, og blir farlegare i mørket.

ParaWorld sin einspelar-modus vil vare frå omkring tjuefem til tretti timar. Undervegs vil heile to timar med filmsekvensar, som alle er skapt i Best Engine drive historia vidare. I tillegg vil spelet innehalde ein omfattande fleirspelar-modus.

Av det vi har fått sett av ParaWorld ser det ut til å kunne bli det ultimate spel for dinosaur-fanatikarar, så det er berre å krysse fingerane og håpe det blir så bra som det ser ut som.

Siste fra forsiden