PC-eksklusiv racing i DiRT Rally

Det neste spelet i rallyserien er lansert på Steam Early Access.

Codemasters har i dag avduka eit nytt spel i sin populære rallyserie DiRT. Igjen har utviklarane hoppa over å lage eit nummerert spel, og har i staden kalla spelet DiRT Rally. Etter det arkadeinspirerte spelet DiRT: Showdown frå 2012 har Codemasters no gått tilbake til å lage realistiske racingspel.

DiRT Rally er allereie lansert på Steam Early Access, og byr i første omgang på 17 ulike bilar. Du vil kunne bryne deg på 36 baner fordelt på tre ulike område; Wales, Monaco og Hellas. Sidan spelet framleis er under utvikling vil Codemasters by på periodiske oppdateringa som vil by på nytt innhald i form av blant anna bilar og baner, samt forbetringar basert på tilbakemeldingar frå publikum.

Styr ditt eige team

Intens rallykøyring ventar.
Intens rallykøyring ventar. Bilde: Codemasters

I pressemeldinga fortel Codemasters om fleire viktige element i spelet. Blant anna har utviklarane jobbe med å byggje opp realistiske fysikk- og skademodellar. Skulle bilen din pådra seg skade i løpet av eit løp kan desse reparerast mellom løp ved å hyre inn opp til fire teknikarar i eit eige team. Du har derimot ikkje endelause mengder tid på deg, og kan bli nøydd til å prioritere kva som skal fiksast før du går i gong med neste løp.

På toppen av dette vil du kunne justere bilane dine for å oppnå til dømes betre handtering og yting. Du kan skru bilen din slik at den yter betre basert på bane- og vêrtype.

DiRT Rally vil by på nye utfordringar kvar dag, veke og månad. Desse kan du ta del i sjølv om du ikkje er på nett. I tillegg byr spelet på sesongar der du kan gjere ditt beste for å bli promotert på rangstigen.

Eitt skikkeleg nytt rally-spel i DiRT-serien har er noko mange har venta på. I fjor blei svært mange spelarar skuffa då Codemasters lanserte Colin McRae Rally på Steam. Spelarar trudde dette var ein oppussa versjon av originale Colin McRae Rally, medan det i staden viste seg å vere ei portering av mobilspelet frå året før. Codemasters enda opp med å beklage og refundere dei som følte seg lurt.

Kommentarer (18)

Forsiden akkurat nå

Til toppen