(Bilde: Blizzard Entertainment)

PC får eigen E3-pressekonferanse

Er du spent på kva det komande året vil bety for PC-spelarane?

For spelentusiastar verda over er juni ein heilt spesiell månad. Då går den årlege E3-messa av stabelen i Los Angeles. Det heile blir sparka i gong av ei rekke pressekonferansar, og årets messe er ikkje noko unntak. Store selskap som Microsoft, Sony, EA, Ubisoft, Square Enix og Bethesda vil alle halde sine eigne konferansar for å vise kva dei jobbar med for tida.

I dag har vi fått enda eit tilskot i pressekonferanseklubben; PC. Dette blir første gong denne plattforma får ein eigen pressekonferanse, og den kjem i regi av det britiske PC-magasinet PC Gamer.

Store aktørar er involvert

Arma-utviklar Bohemia Interactive vil vere til stade på PC-konferansen.
Arma-utviklar Bohemia Interactive vil vere til stade på PC-konferansen. Bilde: Bhoemia Interactive

At regien kjem frå eit medlem av pressa betyr ikkje at dei store aktørane uteblir. Tvert imot, og på nettsidene for konferansen får vi vite at blant anna AMD, Blizzard Entertainment, Bohemia Interactive, Paradox Interactive og Square Enix vil vere til stade.

Kjende spelutviklarar som Gears of War-skapar Cliff Bleszinski og Day Z-skapar Dean Hall vil òg dukke opp.

Kva vi har i vente er det for tidleg å seie noko om, men i følgje nettsidene kan vi vente oss ei feiring av PC-speling som vil innehalde nye spelavsløringar, oppdateringar på kjende seriar, samt eit blikk på framtidige innovasjonar.

Pressekonferansen vil gå av stabelen tysdag 16. juni, og vil bli streama live via Twitch.

 

Kommentarer (13)

Forsiden akkurat nå

Til toppen