Anmeldelse

Perfect Dark Zero

Joanna Dark er den spandexkledde heltinna med hår som brenn som eld i solnegang. Dessvere er det alltid like kjedeleg når skinnet bedrar.

Side 1
Side 2

Plastsoldatane angrip
Men nei, det vi endar opp med er fiendar som ser ut som om dei har det vondt i nokre få sekund før alt er gløymt. Ærleg talt, dette har eg sett før. Kanskje med unntak av at denne gongen ser alle ut som spraylakkerte Army Men. Det er litt vanskeleg å bestemme seg for kvar Rare eigentleg vil med den grafiske stilen i Perfect Dark Zero. Den er vel kva du får om du skal lage action-figurar for voksne barn, men ikkje heilt veit kva det eigentleg betyr. For all del, det er eit pent spel, sjølv om du ikkje tenker "wow" umiddelbart. Problemet er at det er vanskeleg å tru på det, noko som blir forverra av ein til tider sprø fysikk. Ofte er den fabelaktig, men når du skyter nokon i handa, og resultatet er ei salto mortale utan sidestykke, då gliser ein litt av feil grunn.

Ein ting som ser veldig bra ut er våpena i spelet, og dei er det ein del av. Dette er også noko av det som gjer spelet veldig underhaldande. Du finn våpen i alle storleikar, og det er eit svært innbydande arsenal du får tilgong på. Kva du enn likar, vil du nok finne det i Perfect Dark Zero. I tillegg har kvart våpen fleire funksjonar. Dei fleste våpena har zoom, men gjerne noko ekstra. Til dømes kan du i tillegg til å skyte tradisjonelle og kjedelege kuler, fyre av rakettar og skanne området etter livsteikn.

Ein gong til, med kjensle
Musikken i Perfect Dark Zero er kanskje den eine tingen som hevar spelet over gjennomsnittet. Den er spesiell, har særpreg, og drar deg meir i gong enn nokon anna del av spelet. Dette er sjølvsagt om vi galant ignorerar det horrible åpningssporet som verkeleg beviser at no i desse juletider snør det i varmen under oss. Lyden er også av høg kvalitet, om vi ser bort frå det til tider svært varierte skodespelet. Nokre stemmer er veldig bra, men ein merkar at så snart det skjer noko dramatisk, og det er kjensler i biletet, høyrest det berre komisk ut. Dette forsterkar eigentleg det faktum at historia er veldig svak. Du kjem aldri til det punktet der du genuint bryr deg om karakterane. Du gir blanke, og dette går kjapt utover ditt engasjement for spelet.

Som i dei fleste skytespel er det gjerne fleirspelar-delen som først og fremst definerar spelet for ettertida, og akkurat her har Perfect Dark Zero fleire sterke kort å stille med. Om du vel å spele kooperativt med ein ven, vil du raskt finne eit spel som brått blei mange hakk betre. Dette er ikkje berre grunna det sosiale aspektet, men også fordi du ofte befinn deg ein annan stad i området enn kompanjongen din. Det blir nødvendig å hjelpe kvarandre, og dette gir spelet eit ekstra løft det definitivt treng.

Det einaste som eigentleg plagar meg med Xbox Live-funksjonaliteten til Perfect Dark Zero er at Halo 2 sin måte å kaste deg inn i eit spel på er veldig mykje betre. Det er mykje lettare å gå i blinde med Perfect Dark Zero, og du kan raskt ende opp i meiningslause kampar som aldri tar slutt. Dette er sjølvsagt inntil du finn folk å spele med, og får arrangert skikkelege kampar. Du finn ei rekke godt utvikla kart, gode modusar, og sjølvsagt hjelp det at våpena er steintøffe. Dessverre kan karta gjerne kan bli litt i overkant store til tider. Om du ikkje lagar kampar sjølv, kan du fort ende opp i spel som går føre seg på enorme kart, men med få spelarar. Om du til dømes spelar capture the flag, går det til slutt ingen veg, og det blir raskt kjedeleg.

Når alt klaffar, klaffar det derimot skikkeleg. Du kan godt ha mange av dine beste timar på Xbox Live med Perfect Dark Zero, og det er bygd opp på ein måte som lett lar deg kome i gong med det du vil. Det er også så pass god variasjon i kart og modusar at det skal godt gjerast å gå lei.

Konklusjon
Perfect Dark Zero er i absolutt i stand til å underhalde deg, men det forutset på mange måtar at du har nokon å spele i lag med, eller har tilgang på Xbox Live. Uansett kva Joanna Dark måtte finne på, har nokon andre gjort akkurat det same før, berre betre. Perfect Dark Zero er på ingen måte eit banebrytande spel, og kvifor dette spelet har vore i utvikling så lenge som dette, er for meg ei gåte. Ved kjerna er Perfect Dark Zero eit solid spel med god underhaldningsverdi, men med alle alternativa som regelrett grusar Joanna sitt siste eventyr, blir det litt meiningslaust. Om du skal spele dette spelet aleine, og ikkje har Xbox Live, kan du trekke frå eit poeng på totalkarakteren.

Side 1
Side 2

Siste fra forsiden