Persona 5 til PlayStation 4

Rollespelserien om skuleliv og demonjakt tek turen Sonys kraftmaskin.

I fjor haust kunngjorde Atlus at det etterlengta rollespelet Persona 5 var under utvikling for PlayStation 3. I dei tidlege morgontimane i dag hadde Sony ein pressekonferanse i Japan i samband med Tokyo Game Show som går av stabelen frå og med 18. september. Der blei den første traileren frå spelet vist fram, samt at spelet i tillegg til PlayStation 3 vil kome til Playstation 4. Lanseringa vil finne stad til neste år. Når det kjem til Europa er ikkje kjent.

Traileren som blei vist – og du kan sjå nedanfor – gav oss ikkje mykje å gå på, og var i staden ein handteikna animesekvens, i likskap med mellomfilmane Persona-serien har bydd på i ei årrekke. Vi fekk altså ingen scener frå sjølve spelet, men i staden vårt første møte med det som etter alt sannsyn er hovudpersonen i spelet. Traileren er på japansk.

Kritikarrosa rollespelserie

I Persona-serien tek spelarane på seg rolla som skuleelevar som må sjonglere det slitsame skulelivet, vener og eventuelle romantiske interesser med eit skjult liv som demonjegar.

Det førre spelet i serien blei i fjor lansert på PlayStation Vita i ei oppussa utgåve, og den var så bra at vi klinka til med 9 poeng, og vår meldar meinte spelet greip deg frå første stund:

«I løpet av årets gang meistrar ein stadig mektigare krefter, ein får tilgang på designmessig tøffare monster og ein utviklar sine sosiale band så langt det lar seg gjere. Ein gjer også lekser og lagar lunsj, og det er eit mirakel at det i det heile tatt fungerer. Dei mest trivielle aktivitetar blir heldigvis interessante når spelaren stadig blir løna, enten det er med faktiske nivå, spanande historier eller djupare forståing for eit av universets mange aspekt.»

Japanske Atlus som er utviklarstudioet bak Persona-serien sleit i fjor økonomisk, noko som førte til at Sega enda opp med å kjøpe selskapet.

Kommentarer (12)

Forsiden akkurat nå

Til toppen