Peter Molyneux vil gjenskape gudesjangeren

Tyr til Kickstarter for sitt nye prosjekt.

Saman med teamet sitt i 22cans har tidlegare Bullfrog- og Lionhead-sjef Peter Molyneux hatt solid suksess med iOS-spelet Curiosity – what's inside the cube. Over to millionar personar har lasta ned spelet, og har leika seg med å hakke bort bitar av den snodige kuba for å finne ut kva som skjuler seg på innsida.

Curiosity ser derimot ut til å berre ha vore starten for 22cans. No har dei lansert ein Kickstarter-kampanje for strategispelet GODUS, og i kjend Molyneux-stil er ikkje 22cans redde for å bruke store ord:

«Populous blei skapt over 22 år sidan. Så langt synest vi ikkje noko har kome i nærleiken av å gjenskape den opplevinga, men det skal vi. GODUS blandar makta, veksten og breidda til Populous med den detaljerte bygginga og fleirspelarmoroa frå Dungeon Keeper, og det intuitive grensesnittet og innovasjonen til Black & White. Det originale Populous kom frå 8-bit-tida, men GODUS vil nytte den mest moderne teknologien verda kan tilby.»

Første smakebit på den visuelle stilen til GODUS.

22cans håpar å gjere GODUS til eit spel som inviterer oss til ei levande verd der alt du gjer har innverknad på verda. Du kan vere god eller slem, og der du byggjer opp din eigen sivilisasjon, kan du brenne ned ein annan. Dette elementet blir ikkje mindre viktig av at spelet vil ha eit fleirspelarfokus der du vil møte andre sivilisasjonar frå andre spelarar.

Sjølv om Peter Molyneux er den mest kjende personen som jobbar i 22cans, er det fleire gamle bransjeveteranar med på utviklinga av GODUS. Blant dei finn vi Tim Rance som jobba med fleirspelarmodusen til det originale Populous. Ved sidan av Tim Rance finn vi Paul McLaughlin som har samarbeida med Peter Molyneux på alle Bullfrog-spela sidan Populous dukka opp i 1989.

Som med alle Kickstarter-kampanjar kan du opne opp lommeboka alt du er god for. Om du er villeg til å spytte ut med ein solid slant kan du få deg alt frå ei personleg statue i spelet, ein spelfigur oppkalla etter deg, eller kanskje ein VIP-tur til E3 neste år. 22cans ber om 450 000 pund for å få GODUS finansiert.

GODUS har ei førebels planlagt lansering i september 2013 for PC og mobile plattformer.

Les også: Biografi: Geni eller løgner? Les også: – Jeg vil forandre verden

Siste fra forsiden